Raudt sitt framlegg til ny skulebruksplan

Her kan du lese Raudt sitt framlegg til ny skulebruksplan for Hordaland. Skulebruksplanen skal handsamast på fylkestingsmøtet tysdag 4. oktober.

Vi legg «Alternativ 0» i Fylkesrådmannen sin skulebruksplan til grunn. Vi tek avstand frå Fylkesrådmannen sin visjon om ei storstilt sentralisering og nedbyggjing av det vidaregåande tilbodet i Hordaland. Vi er klar over at desse tankene òg delast av nokre av partia på Fylkestinget, men vi i Raudt er politisk ueinige med dei.

Generelt:
• Vi vil forby opptak på meir enn 30 elevar per klasse med mindre det foreligg søknad om dette. Dette for å forhindre at enkelte skular overfyller klassane og dermed gjer at andre skular ikkje kan fylle klassane sine.
• Vi ønskjer òg å tilby påbygg (PB) klassar der det er behov for dette.
• Totalt har denne skulebruksplanen er nedjustering av elevplassane på ca. 1700 elevplassar.

Nord-Hordaland:
• Austrheim vert oppretthalden. Noko anna vil gje for lang reiseveg for mange elevar.
• Det vert bygd ny skule med kapasitet på ca. 250 elevar, som kan overta når dagens leigeavtale går ut i 2020. Plasseringa av denne bør gjerast i samarbeid med kommunane i området. Lokalt næringsliv bør òg bli trekte med, slik at dei kan koma med innspel om vegen vidare og mogleiken for å ha læring ute i bedriftane.
• Det vert arbeida for å samle Knarvik videregåande på ein lokasjon.

Bergen Nord:
• Nye Åsane vgs vert nedjuster, slik at ein ikkje treng å Knarvik vgs seinare.
• RM (restaurant og matfag) vert oppretthalde og kan få nye elevplassar frå Årstad.

Bergen Sentrum:
• ST (studiespesialiserende) og KDA (kunst, design og arkitektur) vert lagt ned på Årstad vgs. KDA vert flytta til Tertnes vgs, noko som minskar overkapasiteten på ST (det vil si at Tertnes vgs mistar tilsvarande plassar ST som dei får på KDA). RM på Årstad vgs vert flytta til nye Åsane vgs.
• Bergen Maritime vgs og fagskulen vert halde samla. En eventuell flytting av desse to til Laksevåg må behandlast som ei eiga sak.

Bergen Vest:
• Olsvikåsen vgs vert ikkje lagt ned.
• ST vert oppretthalde på Laksevåg. Nybygg på Sotra og Askøy må dimensjonerast i samsvar til elevtal, det vil seie at dei moglegens må nedjusterast i samsvar til noverande planar.

Bergen Nord:
• Overføring av plassar på HO fra Nordahl Grieg til Slåtthaug, jamfør Fylkesrådmannen sitt «Alternativ 2»

Sunnhordaland:
• Fitjar vgs vert oppretthalde.
• Bømlo vgs og Rubbestadneset vgs vert slått saman til en skule. Kommune og næringsliv vert teken med i dette arbeidet, både med tanke på lokalisering og med tanke på læring ute i bedrift. Linjetilbodet vert oppretthalde i sin heilskap.

Kvam:
• Øystese vgs og Norheimsund vgs vert slått saman. Administrasjonen må sjå på mogleiker for å starte byggjinga av ny skule før dagens tidsskjema.
• Bygg- og anleggslinja vert oppretthalde.

Hardanger:
• Odda får tilby ST med idrett (45 elevplassar), BA både vg1 og vg2 (30 elevplassar) og tilby inntil 75 TIP-plassar.
• Vi vil sjå på mogleiken for å behalde vgs på Hjeltnes saman med ein produksjonsskule. Fagskuletilbudet vert oppretthalde.

Etne:
• Startar ein prosess med Rogaland Fylkeskommune for å sjå på fusjonsmogleiker mellom Etne vgs og Ølen vgs.

Dei private skulane
• Det kan ikkje være slik at det er kun dei offentlege skulene som må ta kutt. Bergen Private Gymnas og Metis akademiet har begge blitt dømt i Bergen Tingrett for brot på friskulelova. Nedleggjinga av desse reduserar overkapasiteten med ca. 1000 elevplassar.