Raudt sikrar fleirtall for dei utsette skulane
Raudt sikrar fleirtall for dei utsette skulane i Utvalg for opplæring og helse, men skulane si framtid er framleis usikker.
På møtet i Utval for opplæring og helse i Hordaland fylke kl. 09.00 vil vår representant Solbjørg Marjala reise to framlegg angåande Garnes vdg, Fana Gymnas og Laksevåg vdg.
Framlegg 1 sikrar at både skoletilbodet i Fana, på Garnes og Laksevåg blir halden oppe. Dette forslaget vart sendt ut til alle utvalsmedlemane i går og fått fleire bra tilbakemeldingar. Framlegg 2 har som mål å avvikle private kommersielle vidaregåande skular som undergrev offentlege elevplassar, hovedårsaka til at denna saka kjem opp.
Raudt går inn for å bevare Garnes vidaregående skole, Fana Gymnas og studiespesialiserande utdanningsprogram ved Laksevåg vidaregåande skule.
Både Fana og Garnes har hatt elevundersøkingaar som viser at mange vil velgja privatskular dersom skulen dei går på blir nedlagd. Konsekvensane av nedleggjingar vil styrka dei private skuledriftarane. Det blir uttrykt særleg skepsis til private kommersielle skuledrivarar som er er marknaden for å tjene pengar.
Hordaland fylkesting må arbeide for å få avvikla dei private kommersielle skulane som undergrev elevgrunnlaget i gode, offentlege vidaregåande skular, og istaden styrke det offentlege skuletilbodet i fylket.
Det at private skular i Bergen tvingar fram nedleggjingar av offentlege skular er ei ny problemstilling som det er viktig at Hordaland fylke ikkje gjer forhasta beslutningar som vil få konsekvensar for utdanningssektoren i lang tid framover.
Raudt Hordaland vonar at det kan bli fleirtal i utvalet for dette synet. Raudt er i utvalet i ein vippeposisjon - AP/SP/KrF/SV har 7 røyster og FrP/H/V/MDG har 7 røyster av 15.
Saka skal behandlast i fylkesutvalet seinare i dag, og skal endeleg avgjerast i fylkestinget den 8. desember.