Full støtte til streiken i elektrokjemisk industri

Raudt Hordaland støtter streiken i elektrokjemisk industri, og vedtok ei fråsegn på distriktsstyremøtet 17. august 2022.

15. august gjekk 1422 fagorganiserte , mellom anna ved Boliden Odda, ut i streik. Dette skjedde etter brot i meklinga mellom Norsk Industri og LO-forbundet Industri & Energi. Hovedkrava er reelle lokale lønsforhandlingar og lokal aksjonsrett for å sikre at dei fagorganiserte får ein større del av verdiskapinga i bransjen. Dette er ein viktig og prinsippiell arbeidskamp, som fortener full støtte frå heile fagrørsla og alle parti som ynskjer å vere på parti med arbeidsfolk. Streikeviljen er stor, og streiken blir trappa opp frå måndag 22. august om leiinga i Norsk Industri ikkje viser vilje til å kome krava i møte. Stå på og stå saman fram til siger!