Raudt Hordaland støtter Stad-tunnelen

Raudt Hordaland støtter Raudt Vestland sitt innspel til Statsbudsjettet: Stad skipstunnel må få plass i statsbudsjettet – ikkje som eit luksusprosjekt, men som eit nødvendig løft for samferdsel, tryggleik, distrikt og klima.

Uttale om Stad skipstunnell til Landstyret i Raudt

Norge er ein sjønasjon og kysten vår er ei livsnerve for næringsliv, busetjing og kultur. Stad er framleis ei av dei farlegaste havstrekningane langs norskekyster. Stad skipstunnel handlar ikkje berre om eit stort ingeniørprosjekt på Vestlandet. Det handlar om tryggleik, beredskap, arbeidsplassar og rettferdig distriktspolitikk. 

I generasjonar har sjøfolk, fiskarar og kystfolk vore prisgitt vêret over Stadhavet – ei av dei mest krevjande og farlege havstrekningane i landet. Når stormen står på, må båtar vente i dagevis eller ta store omvegar. Nokre har ikkje kome trygt fram.Med Stad skipstunnel får vi ein tryggare og meir føreseieleg kystveg, uavhengig av vêret. Det handlar om å ta vare på liv – og om å ta ansvar for kysten.

Dette prosjektet handlar òg om næringsgrunnlag og grønt skifte.Når vi legg til rette for trygg og effektiv sjøtransport, flyttar vi meir gods frå veg til sjø. Det er bra for klimaet, det reduserer trafikk og utslepp, og det styrkjer kystsamfunna.Tunnelen vil skape arbeidsplassar i byggjefasen, men òg gi varige ringverknader for fiskerinæringa, oppdrett, reiseliv og maritim sektor. Viser til vedtak fra LO-kongressen og seinast fra LO-Vestland sin regionkonferanse som stør bygging av Stad skipstunell (Sjå vedlegg).

Dette er eit prosjekt der samfunnsnytta er høg og marknadslogikken låg – og nettopp derfor må staten ta styringa. Vi skal byggje fordi det er rett, trygt og framtidsretta.For oss i Rødt handlar dette om å satse på kysten, fellesskapen og framtida.

Difor bør Rødt vere tydelege:Stad skipstunnel må få plass i statsbudsjettet – ikkje som eit luksusprosjekt, men som eit nødvendig løft for samferdsel, tryggleik, distrikt og klima.