Raudt Hordaland støttar Jawad

Raudt Hordaland støtter krava til Jawad Hossaini om å få nytte DNA-test for å bevise kven han er, og krev at han får bli i Noreg til identiteten hans er stadfesta.

Bergenske Jawad Hossaini skal kastast ut av Noreg. Jawad, som er av Hazara-folket, kom til Bergen som flyktning frå Afghanistan som 14-åring i 2013, og vart fort godt integrert. No, 12 år seinare, er han i fast jobb, snakkar godt norsk, og er ein solid bidragsytar til samfunnet på mange slags vis.

Etter at han fekk fast inntekt har han kvar månad sendt pengar til mor si, som er papirlaus flyktning i Pakistan. Sidan ho er papirlaus er det heller ingen måte å overføra pengar til henne på. Han har derfor sendt pengar gjennom eit pakistansk ektepar, som har gitt pengane vidare til mor hans.

På grunn av pengeoverføringar og namnelikskap mellom Jawads mor og kona i paret han har sendt pengane til, legg UDI (Utlendingsdirektoratet) og UNE (Utlendingsnemda) til grunn at dei er foreldra hans og at Jawad er pakistanar. Det nektar for både Jawad og dei påståtte foreldra. Mor til Jawad heiter Fatima Hossaini, kona i ekteparet han har sendt pengane til heiter Fatima Hussein. Dette er mykje brukte namn i både Pakistan og Afghanistan. Far til Jawad og den mannen UDI/UNE meiner er Jawads far har ulike namn.

Jawad har heilt sidan førehandsvarselet vart send han i desember 2023, beden om at det blir gjennomført DNA test av han og dei påståtte foreldra hans, som kan visa ein gong for alle at dei ikkje er i slekt. Han har bede om eit samarbeid om dette, slik at det kan gjennomførast på ein trygg og verifiserbar måte. UDI meiner at ei slik testing er komplisert og unødvendig for saka, UNE har heller ikkje sett dette som nødvendig. DNA-testen er moglegheita for Jawad til å bevisa historia si, då det ser ut til at UNE ikkje anerkjenner og forheld seg til innhaldet i nokon av dokumenta som er skaffa og framlagde.

Raudt Hordaland er sterkt bekymra over at UDI og UNE i denne saka, som mange andre, ser heilt bort frå forklaringane til flyktningar i Noreg. Det må vera ein sjølvsagd rett for flyktningar å få høve til å bevisa avstamminga si dersom det er tvil om dette. DNA-beis er ein god måte å handtera det på dersom det er mogleg.

Raudt Hordaland krev derfor at det blir lagt til rette for at DNA-bevis blir teke i bruk og at utvisingsvedtaket blir utsett slik at desse bevisa kan skaffast.

Raudt Hordaland er også bekymra for situasjonen til Hazara-folket. Hazarafolket er ein etnisk og religiøs minoritet i både Afghanistan og Pakistan, som historisk har vore utsett for forfølging, og ei rekkje forsøk etnisk reinsing på utsletting, særleg i Afghanistan under Taliban. Taliban har heilt sidan starten prøvd å utsletta hazarafolket som etnisk og religiøs minoritet. FN har mellom anna rapportert at dei fleste sivile angrep utført av Taliban er retta mot hazara. I 1998 drepne Taliban mellom 8000 og 20 000 hazara menn, kvinner og barn på få dagar i Mazar-e-Sharif.

Raudt Hordaland meiner Hazara-folket har krav på særskilt vern i samsvar med paragraf 33 i FNs flyktningkonvensjon, og det er all grunn til å rekna med at Jawad vil bli utsett for forfølging - spesielt om han blir returnert til heimlandet sitt - Afghanistan.