Raudt Hordaland søker valkampkoordinator i 100%-stilling frå 2. mai
Vi går inn i valkampåret 2021 med ein historisk moglegheit til å få inn minst éin kandidat frå Raudt Hordaland på Stortinget. I dette høvet søker vi etter ein engasjert medarbeidar med organisatorisk teft og gode samarbeidsevner.
Raudt Hordaland er inne i ein periode med sterk medlemsvekst, gode meiningsmålingar og får stadig nye lokallag. Vi går inn i valkampåret 2021 med ein historisk moglegheit til å få inn minst éin kandidat frå Raudt Hordaland på Stortinget. I dette høvet søker vi etter ein engasjert medarbeidar, med organisatorisk teft og gode samarbeidsevner, til å koordinere aktiviteten til toppkandidatane, koordinere og bidra til gjennomføring av valkampstrategi og oppfølging av mediearbeid.
Erfaring frå organisasjons- og mediearbeid, samt god kjennskap til Raudt og personleg eignaheit, vil bli vektlagt. Du vil jobbe tett saman med toppkandidatar, valkamputval, valkampgeneral og regionsekretær, i tillegg til distriktsstyret.
Søknadsfrist: 10. mars.
Stillinga er fulltid frå 2. mai til 30. september, med moglegheiter for tidlegare oppstart.
Vi søker deg som:
- Brenn for og har kjennskap til Raudt sine kjernesaker
- Har erfaring frå organisasjonsarbeid
- Er strukturert, liker å ha mange ballar i lufta på ein gong og jobbar målretta
- Liker å møte nye menneske, evner å engasjere andre og er god til å mobilisere
- Kan jobbe godt i team og koordinere andre, samstundes som du jobbar godt sjølvstendig
- Har erfaring med tekstproduksjon, innsal til tradisjonell media og innhaldsproduksjon til sosiale media
- Meistrar begge målformer
- Er komfortabel med å nytte digitale løysingar som for eksempel Zoom og Google Docs.
Arbeidsoppgåver inkluderer mellom anna, men er ikkje avgrensa til:
- Tekst- og innhaldsproduksjon til eigne nettsider, tradisjonell media og sosiale media
- Sekretærfunksjon på møter i valkamputvalet
- Koordinere debattar og andre aktivitetar toppkandidatane skal delta på
- Koordinere reiser til ulike deler av valdistriktet for toppkandidatane og/eller digitale samlingspunkt
- Arrangere større hendingar som FFFF og valvake, i samband med Rødt Bergen
- Vere bindeledd mellom partikontoret i Bergen, valkamputvalet og listekandidatane
- Skrive valkamprapport
Vi tilbyr:
- Å vere del av eit engasjerande miljø på partikontoret i Bergen
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løns- og arbeidsvilkår i henhold til tariffavtale mellom Handel og Kontor og Raudt
Anna praktisk info:
- Oppstart: 2. mai eller etter avtale
- Arbeidsplass: Kontoret i Hans Tanks gate 17, Bergen
- Leiar i Raudt Hordaland er næraste arbeidsleiar
- Ettermiddag- og kveldsarbeid, samt noko reiseverksemd, må påreknast
Høyres dette ut som stillinga for deg? Slik søker du:
- Søknad med CV og referansar sendast til hordaland@raudt.no
- Søknadsfrist: 10. mars
Spørsmål?
- Ta kontakt med fungerande distriktsleiar Stian Nilsen Berntsen på stiannb1989@gmail.com eller
- Regionsekretær Mailiss Solheim-Åkerblom på mailiss@raudt.no