Raudt Hordaland søker valkampsekretær

Raudt Hordaland søker valkampsekretær i full stilling frå 11. april til 1. oktober

Valkampsekretær Raudt Hordaland

Raudt Hordaland søkjer valkampsekretær i 100 % stilling for perioden 11. april 2023 til og med 30. september 2023.

Valkampsekretæren skal koordinera valkampen til Raudt Hordaland og har hovudansvar for å fylgja opp vedteken valkampstrategi. Sekretæren vil jobba tett med toppkandidatane, koordinera deltakinga til Raudt i debattar og eksterne arrangement, og bidra til at partiet er synlege og aktive både i tradisjonelle og sosiale media. Ein annan viktig del av jobben vil vera å mobilisera til, og støtta oppunder lokal valkampaktivitet, og jobba med større valkamparrangement.

Valkampen er hektisk. Me søkjer difor ein valkampsekretær som kjenner Raudt Hordaland, jobbar sjølvstendig og evner å jobba under høgt press.

Arbeidsoppgåver:

  • Fylgja opp valkampstrategi (og eventuelle andre vedtekne planar for valkampen).
  • Informasjonsarbeid, både internt i organisasjonen, og utover til andre. Dette inkluderer å selja inn saker til media og bidra til å skriva debattinnlegg.
  • Koordinera aktiviteten til partileddet i sosiale media.
  • Koordinera aktivitetane til toppkandidatane.
  • Vera sekretær for valkamputvalet.
  • Planleggja, organisera, delegera og gjennomføra møte, skuleringar, og andre arrangement.
  • Halda kontakt med alle ledd av partiorganisasjonen, andre organisasjonar og andre som kontaktar Raudt Hordaland under valkampen.
  • Skriva ein evalueringsrapport for valkampen.

Ynskt kompetanse og kvalifikasjonar:

  • God kjennskap til Raudt Hordaland er ein føresetnad
  • Erfaring frå organisasjonsarbeid, gjerne valkamp eller liknande arbeid.
  • Kjennskap til kommune- og/ eller fylkestingspolitikk, og erfaring med politisk arbeid er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring frå pressearbeid og sosiale media
  • Anna relevant erfaring og/ eller relevant utdanning kan også vektleggjast
  • Førarkort klasse B
  • God nok kompetanse i nynorsk til å kunne laga materiell, og innhald i sosiale medium.

Arbeidsstad er Raudt sitt partikontor i Bergen sentrum. Lønn i tråd med Raudt sitt lønsregulativ.

Søknad sendes seinast 23. Februar til val.hordaland@roedt.no

Spørsmål kan rettes til distriktssekretær Per Arne Flatberg, per.arne@roedt.no og telefon 911 688 22