Raudt Hordaland sitt årsmøte 2020 er utsatt
På grunn av korona-situasjonen og pålegg frå myndigheitene har distriktsstyret i Raudt Hordaland bestemd at distriktsårsmøtet må utsettast.
På grunn av den pågåande korona-situasjonen, i tråd med retningslinjer frå myndigheitene, har distriktsstyret i Raudt Hordaland bestemd at årsmøtet, som skulle finne stad laurdag 21. mars, må utsettast. Noverande styret vil oppretthalde drifta av distriktsorganisasjonen, og informere alle medlemmar når ny årsmøtedato er klar.
Sidan årsmøte er utsatt, har styret også vedteke å utsette frista for å sende inn fråsegner. Ny frist vil bli annonsert i god tid før nytt årsmøtet finn stad. Styret ynskjer alle fråsegner om dagsaktuelle tema som er viktig for laga hjarteleg velkommen! Fråsegner skal framleis sendast inn til denne e-postadressa: hordaland@raudt.no.
Styret vil også nytte høve til å informere om at nominasjonskomiteen for stortingsvalet 2021 er satt ned. Den består av følgande medlemmar:
- Solbjørg Marjala (Bergen)
- Nils Bjarte Sæhle (Øygarden)
- Marie Follesø (Raud Ungdom)
- Henrik Madsen (Studentlaget i Bergen)
- Silje Paulsen (Rødt Bergen og Raudt Hordaland sitt kvinnenettverk)
- Bridget Penny ( Voss)
Følg med på denne sida for oppdatert informasjon om årsmøtet, sakspapir o.l.
Vi vonar alle tar vare på kvarandre, vasker henda og følger helsemyndigheitene sine råd og pålegg. Å unngå smitte er solidaritet i praksis!
Mvh
Distriktsstyret i Raudt Hordaland