Raudt Hordaland seier nei til Statnett sine monstermasteplanar!
Raudt Hordaland tar skarp avstand frå Statnett sine planar om monsterkabler gjennom store delar av Hordaland. Raudt Hordaland har sendt inn denne høyringsfråsegna til NVE.
NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) har invitert til ei offentleg høyring fram til 16. januar 2025 om Statnett sin søknad om å byggje ei ny 420 kV kraftlinje på Vestlandet. Denne skal etter denne planen gå i luftspenn frå Sauda via Etne til Blåfalli i Kvinnherad og vidare gjennom Ullensvang, Kvam, Samnanger, Vaksdal, Osterøy, Alver og Askøy til Kollsnes i Øygarden.
NVE saman med Statnett har arrangert folkemøter i desse kommunane om konsesjonssøknaden. Mange engasjerte folk har stilt opp. Det har vore mange kritiske røyster til desse planane. Raudt Hordaland har deltatt med lokale representantar på desse folkemøtene og har fylgjande kommentarar:
- Raudt Hordaland etterlyser ein nærare dokumentasjon frå Statnett om det reelle samfunnsøkonomiske behovet for å byggje desse nye linjene til mange milliardar kroner. Vi krev svar på fylgjande spørsmål: Skal linjenelevere vasskraft til elektrifisering av sokkelen? Kva slags konkrete industrieventyr langs kysten vår er det behov om å levere meir straum til? Kva blir konsekvensane for den kraftforedlande industrien og anna næringsliv i indre strøk for denne kraftoverføringa til kysten og ut i Nordsjøen? Kva vil kommunane langs denne traseen sitte att med?
- Raudt Hordaland etterlyser ei alternativ vurdering og grundige, uhilda utgreiingar av linjetrasear som er meir skånsame utifrå natur, miljø- og friluftsinteresser og kulturminner.
- Raudt Hordaland etterlyser grundige, uhilda utgreiingar av linjekablar i jord, sjø og fjell istadenfor luftspenn på heile eller deler av denne strekninga og alternative økonomiske utrekningar utifrå framtidig vedlikehaldsbehov og eit livsløpsperspektiv.
- Raudt Hordaland vil og peike på at det ut frå beredskapsomsyn (m.a. ekstremvær, ras- og skredfare og ising, samt krigsfare) vil vere sikrare å byggje framtidig linjenett i jord, fjell og sjø framfor i luftspenn.
- Statnett nytta jordkabel i Bærumsområdet. Etter Raudt Hordaland sitt syn bør dette kunne danne presedens for denne typer linjeutbyggjing i konfliktfylte område.
- Det enklaste og kortaste vegen for deler av denne linjeutbyggjinga går via Bergen (alternativ 1). At dette alternativet er det kortaste, vil påverke kostnaden ved denne utbygginga, samt at det vil spare store områderav fri, urørd natur og naturreservater. Frå eit samfunnsnyttig perspektiv vil etter Raudt Hordaland sitt syn dette alternativet lagt som jord- og sjøkabel vere langt å foretrekke framfor rasering av store natur og friluftsområder slik dei alternative foreslåtte traseane vil forårsake.
- Raudt Hordaland vil utfordre Statnett til å klargjere om det vil bli stilt krav om at det skal vere norske leverandørar med landsdekkande norske tariffavtalar som skal utføre byggjing av denne linja. Vi vil minne om at då Statnett bygde dei omstridte monstermastene gjennom Hardanger frå Sima i Eidfjord for eindel år sidan, vart ein stor del av jobben utført av underbetalte kroatiske linjemontørar.
- Raudt Hordaland vil i neste stortingsperiode på nytt ta initiativ til ei regelendring, der jord- og sjøkabel istadenfor luftspenn blir hovedalternativet ved framtidig linjebygging i Norge. Då dette vart handsama i Stortinget i 2023, røysta Raudt, SV, MDG, V og KrF for - og AP, SP, H og FrP imot. Dette bør bli ei viktig sak i komande stortingsvalkamp.