Raudt Hordaland har opna valkampen
Grønt krafttak mot arbeidsløysa i Hordaland Raudt vil nasjonalisere Statoil. Berre gjennom politisk styring kan vi gjennomføre det grøne skiftet, seier førstekandidat for Raudt i Hordaland, Jeanette Syversen. Saman med andre offentleg eigde selskap kan vi bruke Statoil som eit reiskap mot arbeidsløyse.
- Vi vil satse stort på framtidsretta industri og teknologi her heime, understrekar Syversen.
Ein kritisk gjennomgang av Statoil sine utanlandske investeringar frå 2001–2016, gjort av professor emeritus i petroleumsøkonomi Øystein Noreng for Teknisk Ukeblad (23.3.2017), viser at privatiseringa av selskapet har vore eit tapsprosjekt:
Det er investert omlag 600 milliardar kroner i utanlandsk leiting og utvinning dei siste 15 åra. I same periode er det investert omlag 500 milliardar i norsk leiting og utvinning. Den utanlandske satsinga har gitt eit driftsresultat før skatt på mindre enn 20 milliardar, mens satsinga på norsk sokkel har gitt eit driftsresultat på omlag 1500 milliardar. Etter skatt går utanlandsinvesteringane i minus.
Raudt vil bruke midlar frå Oljefondet for å kjøpe opp dei 33 prosentane av Statoil som i dag ikkje er eid av staten.
- I staden for å bruke 600 klimafiendtlege milliardar på å få nullresultat i utlandet, burde ekspertisen og dei økonomiske ressursane til Statoil ha blitt sett inn på å skape norske, framtidsretta arbeidsplassar. Her har verdfull tid gått tapt, og marknadsdikterte fall i oljeinvesteringane har skapt arbeidsløyse, i staden for at omlegging skulle ha vore planlagt og sett i gang for lengst.
Nye energikjelder
På Vestlandet har vi allereie kompetanse og ressursar til å satse på fornybar energi, og vi har meir av vatn, vind og bølgjer enn dei fleste andre stadene i verda.
Syversen underbyggjer argumentet:
- Det er ille når ingeniør Tomas Eikelid i det nystarta ingeniørselskapet Sogn Industri heilt korrekt seier til BT 21. juli at «[t]idlegare var Norge meir framoverlente på energiteknologi, men dei siste åra har vi ramla bakpå». Det nystarta selskapet utviklar framtidsretta løysingar innan hav- og vindenergisektoren.
Jeanette Syversen har sjølv bakgrunn frå Industri og Energi i Hordaland og LO Ungdom. Ho peikar på at det i og rundt Bergen er mogleg å ta i bruk jordvarme, i tillegg til at vi bør nytte oss av annan energi som havet har å by på.
- Tilsette i Statoil og andre bedrifter sit dessutan med svært verdifull kunnskap og unik fagleg kompetanse, som vi kan bruke innanfor andre område enn oljeutvinning.
Grøn industri på Vestlandet
Andrekandidat, Sofie Marhaug legg til til at Hordaland allereie har dei aller beste føresetnader:
- Vi har mykje rein vasskraft, som har lagt grunnlaget for norsk industri i over hundre år. Òg i dag er metallproduksjonen i Ålvik, Tyssedal, Odda og på Husnes avhengig av denne krafta.
Marhaug meiner denne industrien har ei usikker framtid med politikken som blir ført no:
- Den reine vasskrafta må nyttast lokalt og nasjonalt som eit industripolitisk verkemiddel – og ikkje bli eksportert til utlandet. Eksporten fører til energisvinn og høgare kraftprisar i Norge framfor å vidareutvikle arbeidsplassar innanfor kraftforedlande industri her på Vestlandet.
Jeanette Syversen, og dei andre listetoppane, Sofie Marhaug, og Eirik Wichstad opna valkampen for pressa på Kvarteret i dag.
Dei fortalde meir om korleis Raudt vil jobbe på Stortinget for å vinne tilbake politisk styring over naturressursar og arbeidslivspolitikk i kampen mot forskjells-Noreg – fordi fellesskap fungerer!
Same kveld arrangerte Raudt Fest for Folk Flest (FFFF) på Kvarteret, med debatt om forskjells-Noreg, helsingstalar, diktopplesing, musikk, og anna liv og røre. Det var fullt hus og god stemning!
For ytterligare kommentarar, ta kontakt med:
Jeanette Syversen: 958 22 661, kameratj@gmail.com
Sofie Marhaug: 976 09 595, sofiemarhaug@gmail.com
Eirik Wichstad: 415 08 998, eirik-wichstad@hotmail.com