Raudt Hordaland fordømmer angrepet på Iran

Årsmøtet i Raudt Hordaland vedtok denne fråsegna på sitt årsmøte 14. og 15. mars 2026.

USA og Israel har fått krigen dei har ønskt seg sidan 80-talet, og Iran si befolkning betaler prisen. Denne krigen har som einaste føremål å destabilisere Iran og Midtausten og sørgje for at ingen utfordrar USA og deira imperialistiske utpost; Israel, si kontroll over regionen.

Raudt Hordaland tek sterk avstand frå denne krigen, og oppmodar staten Noreg til å fordømme han. Som produsent av olje og ammunisjon tener Noreg store pengar på denne krigen, og vi meiner at vi er moralsk forplikta til ikkje å forsyne land som aktivt gjer krigsforbrytingar med våpen. Difor: Stopp sal av våpen og ammunisjon til USA og Israel!