Raudt sikrar faste stillingar i psykologteamet
Arbeidsmiljølova sine bestemmelsar om heile og faste stillingar som normen i arbeidslivet er i ferd med å smuldre bort, men Raudt held fast på dette også i vårt arbeid i Hordaland fylkesting.
På møtet i utval for opplæring og helse i Hordaland fylkesting (OPHE) i september behandla utvalet saka "Satsing for betre psykisk helse for elevane i vidaregåande skulane i Hordaland", der det blant anna var framlegg om at Psykologteamet i Hordaland skulle ha kontrakt til ut 2019. Dette er ikkje bra nok i Raudt sine auger, og Raudt ved vår representant Jeanette Syversen fremja difor følgande oversendingsframlegg:
«For å ivareta det gode arbeidet med elevane si psykiske helse blir psykologteamet i Hordaland på seks årsverk forlenga med (faste stillingar) permanent ansettelse».
Det er viktig at desse stillingane skal vere faste, for å få kontinuitet i arbeidet med psykisk helse i den vidaregåande skulen. Det er samstundes viktig for Raudt å sikre arbeidsforhold prega av tryggleik og forutsigbare rammar for dei tilsette i fylkeskommunen.
Oversendingsforslaget vart oversendt administrasjonen etter røysting og i samråd med fylkesrådmannen har HR-direktøren avgjort at dei seks stillingane vert omgjorde til faste stillingar. Nye tilsetjingsforhold vert formaliserte så snøgt som det er praktisk mogleg.
Dette er ein stor siger for Raudt i vårt arbeid for å sikra faste stillingar.