Prioriter ras- og trafikksikring i NTP
Når regjeringa legg fram Nasjonal Transportplan fredag før påske, er det No er det store forventningar til auka satsing på ras- og trafikksikring i Vestland fylke og resten av landet. Årsmøtet i Raudt Hordaland ber regjeringa prioritere rett.
Regjeringa legg fram forslag til ny Nasjonal Transportplan 2025 – 2036 komande fredag. No er det store forventningar til auka satsing på ras- og trafikksikring i Vestland fylke og resten av landet. Dei siste par dagane har det kome ei rekkje lekkasjar i media om mange milliardar til både K5-prosjektet Arna-Voss (38.9 mrd.), E-134 Bakka – Mo i Etne (2,4 mrd) og 16 mrd. meir til drift og vedlikehald av fylkesvegane i Norge. Dette er positive signal. Årsmøtet i Raudt Hordaland vil likevel sterkt understreke at Stortinget må vedta forpliktande opptrappingsplanar og tidsfristar for gjennomføring av dei prioriterte prosjekta i første del av planperioden.
I den komande høyringsrunden om NTP, vil Raudt Hordaland og våre tillitsvalde på alle plan prioritere ras- og trafikksikring som det aller viktigaste. Då må store, nye samferdsleprosjekt som ikkje har ras- og trafikksikringsgevinst og miljøgevinst bli skrinlagt eller utsatt i tid. Det viktigaste dømet på dette er Hordfast og gigantbrua over Bjørnafjorden.
I vinter har mange nok eingong køyrd med hjartet i halsen og livet som innsats på vestlandsvegane. Mange vegar har i periodar vore stengde på grunn av ras eller stor rasfare. Dette har både vore ei stor psykisk belastning for mange og ført til store samfunnsøkonomiske tap.
Eit krafttak for ras- og trafikksikring dei neste åra både på riks- og fylkesvegane i den nye NTP (Nasjonal Transportplan) vil vere avgjerande for tryggleiken for alle som bur og arbeidar i distrikta, og for alle som transporterer varer. Ras- og trafikksikring er avgjerande for vidare utvikling av verdiskapinga i landet og er ein god distriktspolitikk.
Om ikkje dette folkekravet blir innfridd i den komande NTP, er det naudsynt med eit folkeopprør både her vest og i resten av landet for å få regjeringa og Stortinget til å skjøne alvoret i situasjonen.