Premieavviket: Staten skuldar Vaksdal kommune over 71 millionar kroner
Jan Steinar Solheim i Raudt Vaksdal har skreve om premieavviket - der staten har "lånt" minst 71 millionar av Vaksdal kommune utan å betale renter.
Eg går ikkje her inn i dei ulike rekneskapsmessige grepa og kreative posteringane som Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har tatt for å gjennomføre dette. Det er ei sak for dei meir profesjonelt rekneskapskyndige blant oss. Men eg vil her leggje fram nokre av dei forholda og prinsippa som er bakgrunnen for denne uheldige situasjonen.
Torstein Dahle, siviløkonom og medlem i Raudt, omtalar denne situasjonen i tidsskriftet «Kommunal Økonomi» i april-utgåva av i år, der han gjev ein grundig analyse og oversikt over dette forholdet, samt ei instruktiv innføring i korleis dette har fått utvikla seg fram til situasjonen me har i dag.
Utviklinga av innbetalt premieavvik for Vaksdal kommune frå 2020-2024
Kortversjonen er slik:
Staten gjev kvart år kommunane eit rammetilskot for å dekka utgiftene ved drifting av kommunane. Dette rammetilskotet skal bl.a. dekka utgiftene til pensjonane i kommunen.
I 2002 påla dåverande kommunalminister Erna Solberg KDD å instruere kommunane å trekkje pensjonsutgiftene sine ut av driftsrekneskapen. I staden for skulle dei føre ein berekna sum kalla «pensjonskostnad» inn i rekneskapen. Men denne summen har i alle år vore lågare enn kommunane sine faktiske pensjonsutgifter. Forskjellen mellom denne «pensjonskostnaden» og ein kommune sine faktiske pensjonsutgifter vert kalla «premieavvik».
Grunngjevinga for denne omlegginga i rekneskapen var bl.a. at kommunane sine pensjonsutgifter kunne variere frå år til år. Dette ville gjera budsjetteringa deira vanskelegare. Ved å føre «pensjonskostnaden» inn i budsjettet i staden for dei faktiske pensjonsutgiftene vart budsjetteringa enklare. Dette var i alle fall noko av teorien bak denne praksisen. Ulempa med dette er at budsjettet då viser lågare utgifter enn kva som er realiteten. Slik oppstår premieavviket. Dermed får kommunane lågare rammetilskot enn dei har krav på.
Denne praksisen er ulovleg i henhold til Kommuneloven § 14-6 tredje ledd om dei grunnleggjande prinsippa i Kommunelova.
Eg siterer frå «Kommunal Økonomi» side 11:
«Forskriftens § 3-5 sier i første ledd at pensjonsutgiften (selvsagt) må bokføres på vanlig måte som en utgift når den betales. Men så slår annet ledd inn med bokføring av utgiftsreduksjonen «premieavvik» som fjerner differansen mellom årets betalte pensjonspremie og den forventningsbaserte, beregnede «netto pensjonskostnad». Det er svært viktig å merke seg at premieavviket skjuler faktiske, betalte driftsutgifter. At store utgiftsbeløp rett og slett forsvinner fra driftsregnskapet er en viktig årsak til at virkningene av premieavvikssystemet er svært vanskelig å oppdage for en regnskapsleser. Denne praksisen er selvsagt fullstendig i strid med regnskapsprinsippene som Kommuneloven § 14-6 tredje ledd fastsetter.»
Etter 2002 har denne praksisen halde fram og det akkumulerte beløpet av premieavviket har vakse år for år.
Denne utviklinga ser me tydeleg i grafen.
Utviklinga av premieavvik nasjonalt frå 2002 til og med 2024
Som me ser så skuldar staten pr. 31.12.2024 meir enn 66 milliardar som kommunane har betalt, men som staten ikkje har rekna med i inntektsrammene deira på statsbudsjettet. Vaksdal sin del av denne summen er på over 71 mill. pr. 31.12.2023. Dette er pengar som kommunane skulle hatt tilgjengeleg for å drive service til innbyggjarane sine.
Eg har her freista å gje ei enkel oversikt over praksisen med premieavviket og til dels korleis dette påverkar økonomien til kommunane i landet. Det er mange fleire sider ved dette enn det som er tatt med her. Men eg håper at dette gjev alle oss som ikkje er røynde økonomar innsikt og forståing av kva som har gått føre seg når det gjeld kommuneøkonomien sidan 2002. Eg vil anbefale å lese innlegget til Torstein Dahle i «Kommunal Økonomi» for dei som ynskjer å sette seg nærare inn i detaljane ved denne praksisen. Det vil vera vel verd det.
Me kan alle tenkja oss kva konsekvensar dette har ført med seg for fleire av dei kommunane som er hardast ramma av denne praksisen. Me har alle høyrt og lese om innsparingar både ovanfor eldre og unge, ikkje minst om skulenedleggingar der ein har byrja å køyra born og unge lange avstandar til større skulesentera for å spara pengar. Når me veit at den norske staten er ein av dei finansielt sterkaste statane i verda, så er dette ein heilt uakseptabel framgangsmåte ovanfor kommunane våre.
Som nemnt ovanfor så skuldar staten Vaksdal kommune over 71 millionar grunna premieavviket. Raudt Vaksdal ynskjer at Vaksdal Kommune tar dei naudsynte grepa som skal til for å rette opp denne ulovlege skeivheita. Me ynskjer at kommunen:
- 1. Forlanger at staten stoppar praksisen med premieavviket og byrjar innlemma dei reelle pensjonsutgiftene til kommunane i rammetilskotet.
- 2. Forlanger at staten snarast mogeleg betaler ut til kommunane det dei skuldar.