- Opprivande å se alle de kuttene som er foreslått
- Det er tydelig at samanslåingsreforma er i ferd med å bli ei systematisk nedbyggingsreform for vestlandsregionen og ei forlenging av nedbygginga av velferden i heile landet. Det seier gruppeleiar i Raudt, Jeanette Syversen, som onsdag denne veka møtte med talerett i finansutvalet i Vestland.
Regjeringa har ført heile befolkninga bak lyset og underfinansierte kommunar og fylkeskommunar. Budsjett-situasjonen i nye Vestland er eit bevis på at reforma vil rasere velferden ytterligare. Dei vil kutte i skole, tannhelse, kollektivtilbod og prioriterer ikkje vegsikkerheit og rassikring. Det er for oss i Raudt ikkje overraskande, men likevel veldig illustrerande, at fleirtalet i finansutvalet samstundes er totalt uinteressert i å diskutere eit tak på eigne politikargodtgjersler.
Kutta som er foreslått for heile perioden er på totalt 490 millionar. For 2020 er det snakk om 100 millionar, kor 36 av disse er foreslått som «ostehøvelkutt» i utdanningssektoren.
Representanten minna forsamlinga på at Raudt fleire gongar tidligare har tatt til ordet for å mellom anna redusere politikarlønningar og skrinlegge riving og nybygg av fylkeshus for Vestland, i staden for dei foreslåtte kutta i mellom anna skole- og velferdstilbod:
- Med eit tak på politikargodtgjersler på 8G, kunne vi ha spart inn 12 millionar kroner over 4 år bere der. I tillegg har vi foreslått å skrinlegge fylkesbygget som for 2020 har ei kostnadsramme på svimlande 1,1 milliardar. Vi ser frå dei foreslåtte salderingspostane med f.eks. ei økning i billettprisane på 2,5 % at det som vanlig er de svakast stilte som skal bæra børa, for denne stormannsgalne reforma, seier Syversen.
Med disse kuttene skal ikkje bare velferdstilbodet i regionen byggast ned. I tillegg planleggast det at vi skal gå baklengs inn i framtida kor globalisering og det grønne skiftet er sentrale.
- Storting og regjering må forstå at ein heller må droppe fergjefritt E39, slik at vi kan fristille sårt tiltrengte midlar til investeringar av elektrifiseringa av fergjeflåta samt oppgradering og rassikring av allereie eksisterande vegnett og bane.
Syversen meiner det er utruleg kor lite midlar som faktisk kjem inn frå regjeringa, som står bak avbyråkratisering - og effektiviseringsreforma (ABE-reform).
- Fylkessamanslåinga er eit hån mot befolkninga, som er ført bak lyset av eit arrogant storting. Nedskjeringane støttar ikkje opp under intensjonsavtala mellom fylka. Overføring av t.d nye oppgåver treng finansiering. Den katastrofale såkalla ABE-reforma, som er regjeringa sitt effektiviseringsprosjekt, inneber konsekvent underfinansiering av offentlig sektor. Vi ser effekten av galskapen i dette budsjettet, og vi held fram: regionreforma må reverserast!