Ope brev til Vestlands-partia; nei til vindkraft!
Kommunane seier nei til vindkraft, og det må Olje- og energidepartementet og regjeringa respektere.
Kommunane seier nei fordi dei vil ikkje ha skadar på miljøet og få øydelagt sine naturlandskap. Raudt Vestland stiller seg saman med kommunane om dette. Korleis stiller dei andre Vestlands-partia seg?
Vi kjenner til at Fjaler, Gulen og Høyanger i Sogn og Fjordane har teke til motmæle mot NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft. Dei vil ha sine område ut av ramma. Så langt har også Masfjorden og Lindås kommunar i Hordaland sagt det same. Fleire kommunar vil følgje opp.
Allereie no har også deler av fagrørsla, f.eks. LO Ytre Sogn, teke til orde mot vindkraft. Raudt deler deira frykt for at vindkraft vil fremje eksportkablar og dermed prisauke. Det vil svekke mange bedrifter sin konkurransekraft – og ikkje minst kan dette gå ut over arbeidsplassane i kraftkrevjande industri.
Raudt Vestland utarbeider no ei eiga høyringsfråsegn til departementet, der vi krev at Vestlands-kommunane må ut av nasjonal ramme. Vi gjer det fordi vi vil ta vare på miljøet vårt og naturlandskapa våre og fordi vi vil sikre arbeidsplassane. Våre kommunar har bidrege nok med sine naturlandskap for å sikre landet kraft.
Vi ber hermed om svar på om Vestlands-partia før valet 9. sep. vil sende inn høyringsfråsegn om nasjonal ramme for vindkraft og som er i tråd med haldninga til deira lokale partilag sitt syn slik det kjem til uttrykk i nemnde kommunestyrevedtak.
For samordningsstyret i Raudt Vestland
Einar Rysjedal
Høyanger, 6. kandidat Raudt Vestland
Jeanette Syversen
Bergen, 1. kandidat Raudt Vestland og leiar i Rødt Hordaland
Anders Hamre Sveen
Stryn, 4. kandidat Raudt Vestland og nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane