Ope møte med Terje Kollbotn i Bjørnafjorden
Raudt sin 1. vara til Stortinget og Fylkestingsrepresentant, Terje Kollbotn, held ope møte i Os tysdag 15. november
Raudt sin 1. vara til Stortinget og Fylkestingsrepresentant, Terje Kollbotn, held ope møte i kommunestyresalen på Osøyro i Bjørnafjorden tysdag 15. november klokka 18:30. Tema for møtet er "Krafta er vår". På møtet får du godt innblikk i dei utfordringane den gjeldande kraftpolitikken gjev folk og næringsliv. Kollbotn fortel kva løysingar partiet Raudt har på kraftpriskrisa.
Kom og høyr ein av våre fremste kraftpolitikarar denne tysdagen.