Ope brev til fylkesordføraren om Skulebas-skandalen

Vestland fylke skal byggje båt til 100 millionar, men anten klarar ikkje eller vil ikkje utforme kriteria slik at båten vert bygd på norske verft, i ein verftsindustri i motvind. Raudt sender no ope brev til fylkesordføraren om å ikkje skrive kontrakt og kansellere anbodet.

NRK melder at staten og fylkeskommunar har kjøpt 14 skip frå utanlandske verft berre sidan 2017.

No som det kjem fram, også i NRK, at Vestland fylkeskommune sitt nye skip Skulebas skal byggjast i Danmark. Norsk verftsindustri står med tomme ordrebøker. Raudt si fylkestingsgruppe har tidlegare fremja forslag til Vestland fylkesting om å vedta eit innkjøpsreglement som tilrettelegg betre for norske aktørar ved å vekte pris lågare i anboda. Difor har Raudt-politikarane Jeanette Syversen og Terje Kollbotn no utfordra fylkesordførar Jon Askeland i eit ope brev til å kalle inn til eit ekstraordinært møte, som er attgjeve nedanfor:

--------------------------------------------------------------------------

Til fylkesordførar Jon Askeland (SP)
Vestland fylkeskommune

OPE BREV OM UTANLANDSKONTRAKT PÅ FYLKET SITT OPPLÆRINGSFARTØY «SKULEBAS».

NRK Vestland kunne på Vestlandsrevyen 13.juli og på nett 14.juli melde at administrasjonen i Vestland fylkeskommune hadde gått inn for å byggje det nye opplæringsfartøyet til fylket, «Skulebas» ved eit dansk verft. Norske verft langs vestlandskysten hadde lagt stor vekt på å få dette oppdraget, men er vraka.

Fylkestingsgruppa til Raudt reagerer sterkt på denne meldinga og er langtfrå komfortable med denne administrative beslutninga. Vi meiner det er uakseptabelt og ei skandale at dette fylkeskommunale oppdraget blir sendt ut av landet på bekostning av norske verftsarbeidsplassar med solid kompetanse, lærlingar og norske løns- og arbeidsvilkår. I tillegg til å svikte norske verft og lokalsamfunn, er dette og svært dårleg samfunnsøkonomi. Samfunnspolitiske formål og handlingsrom bør bli vekta langt høgare ved offentlege anbod.

Vi krev difor at fylkesordføraren tar eit snarleg initiativ til eit ekstramøte i fylkesutvalet for å få vurdert handlingsrommet for å få overprøvd og gjort om dette administrative vedtaket. Dette må skje før endeleg underteikning av kontrakt i august. Det er etter Raudt sitt syn utan tvil i Vestland fylkeskommune si interesse å få bygd det nye undervisningsfartøyet til fylket her i Norge.

Vi ber og om ei tilbakemelding på korleis saka blir handsama vidare i fylkeskommunen.

16.juli 2021

Helsing fylkestingsgruppa til Raudt Vestland
Jeanette Syversen (gruppeleiar)