NorthConnect og spelet for galleriet

"Det er tydeleg at aktørane bak denne gigantiske kraftkabelen frå Sima i Hardanger til Peterhead i Skottland er i ferd med å få kalde føtter. " Les Terje Kollbotn sitt svarinnlegg til NorthConnect-komanjongene i Klassekampen.

SVARINNLEGG I KLASSEKAMPEN:

Laurdag 4.januar har NorthConnect-kompanjongane Asbjørn Hølvik og Tommy Løvstad eit innlegg i Klassekampen med overskrifta «Spill for galleriet». Her hevdar dei at Senterpartiet og Raudt opptrer særs uryddig når dei «blander seg inn i departementets konsesjonsbehandling av NorthConnect». Det er tydeleg at aktørane bak denne gigantiske kraftkabelen frå Sima i Hardanger til Peterhead i Skottland er i ferd med å få kalde føtter. På den eine sida ynskjer dei ro og ikkje-innblanding i saka si - samtidig som dei sjølve har sett i gang ei omfattande propagandakampanje for kva dei kallar «klimakabelen NorthConnect» i media over heile landet.

La meg difor minne om at etter NVE la fram si vurdering 10.desember (sjå nve.no) utan tilråding, er det ein høyringsrunde fram til 10.mars, før slutthandsaming av søknaden. Både Senterpartiet, Raudt og andre politiske parti, kommunestyre og fylkesting, fagrørsla, klima- og miljørørsla og andre som er opptekne av å forvalte rein, fornybar norsk vasskraft til klima- og miljøsatsing i Norge, har sin soleklare rett til å «blande seg inni» og uttale seg om NorthConnect. I denne saka som har nasjonal interesse, bør ikkje tilhengjarane ha meiningsmonopol.

Hølvik og Løvstad hevdar at kraftkabelen frå landets nest største kraftstasjon i Sima i Eidfjord til Skottland er eit viktig klimatiltak. 2 millionar tonn kutt i CO2 pr. år kan bli resultatet om rein norsk kraft erstattar kolkraft i utlandet. Skulle NorthConnect og bli bygd, i tillegg til kablane som er under byggjing, vil det bli ein eksportkapasitet på 70 % av norsk vasskraft. Om all norsk vasskraftproduksjon skulle bli eksportert, ville dette i beste fall berre erstatta eitpar prosent av fossil energi i andre land. Høgst truleg vil rein norsk vasskraft i staden redusere auka satsing på fornybar energi i andre deler av Europa. Og resultatet vil uansett bli import av enno høgare kraftprisar i Norge og auka press på miljø- og naturfientleg vasskraft- og vindkraftutbyggjing for å kunne eksportere enno meir.

Hølvik og Løvstad innrømmar at både Statnett sin North Sea Link kabel og NorthConnect-kabelen er på EUsi liste over prioriterte infrastrukturliste (PCI) sidan 2013 og har fått finansiell støtte frå EU - NorthConnect førebels EU-støtte på ca. 100 millionar. Desse kablane er eit ledd i å tilpasse Norge til fri flyt av energi i den indre energimarknaden - regulert av ACER, EU sitt nye energibyrå.

La meg minne om at Sima og andre store kraftanlegg i Hardanger og i resten av landet vart bygde for å levere rimeleg, rein energi til det norske folk og norsk industri – ikkje til krafteksport dit energiprisane er høgast. For å kunne vidareutvikle klima- og miljøvenleg norsk industri over heile landet og gradvis erstatte industriarbeidsplassar innan olje- og gass på fastlandet, trengs langsiktige, rimelege kontraktar basert på rein fornybar norsk vasskraft. Her kan vi ikkje få « pose og sekk», slik Hølvik og Løvstad hevdar i Klassekampen 4.januar. Dette er NorthConnect sitt spel for galleriet.

Terje Kollbotn (fylkestingsrepresentant for Raudt Vestland)