Nominer kandidatar til fylkestinget i det nye fylket Vestland
Ved neste års fylkestingsval vil Hordaland og Sogn og Fjordane stille ei liste, som Raudt Vestland. Nominasjonskomiteen for Raudt Vestland ønskjer difor å få inn namn på gode kandidatar til fylkestingsvalet.
Nominasjonskomiteen består av: Stian Stavland og Karin Rasmussen frå Hordaland og Borghild Guddal og Kjell Oldeide frå Sogn og Fjordane.
Nominasjonskomiteen treng framlegg frå mange i partiet slik at lista kan representera breidda og erfaringane som faktisk finst i fylka våre.
Spør gjerne den du vil nominera fyrst, men nominasjonskomiteen tek sjølv kontakt med dei nominerte. Ingen blir nominert før dei har fått vete meir om kva det vil seie å stå på lista. Du kan sjølvsagt òg nominera deg sjølv. Det er viktig at dei som blir listekandidatar kan stå inne for Raudt sin politikk og har lyst til å gjere ein innsats for partiet, både før, under og etter valkampen. Listetoppar og andre kandidatar får sjølvsagt opplæring og hjelp, både før og etter valet.
Me oppfordrar alle til å kome med nominasjonar via skjemaet under. Hugs at dei du nominerer må vere folkeregistrert i eitt av dei to fylka, og fylla 18 år seinast iløpet av 2019.
Nominasjonsmøtet skal vere den 17. november. Fyrste frist for innspel er 1. september.
På førehand takk for innspel!
Nominasjonsskjema finn du her.