Nominasjonsnemda har foreslått Jeanette Syversen på topp for Raudt Vestland
Her er listeframlegget frå nominasjonsnemda i Raudt Hordaland og Raudt Sogn og Fjordane.
Nominasjonsnemda har jobba sidan før sommaren, og har no kome fram til ei liste med 72 kandidatar frå det som blir Raudt Vestland. Nemda har lagt vekt på spredning på alder, geografisk tilhøyrighet, bakgrunn, yrke og kjønn, og nominasjonsnemda meiner at det er gode representantar for Raudt.
Vi vil her presentere topp fem litt nærare:
Jeanette Onarheim Syversen (34)
Jeanette har solid erfaring frå Raudt og frå fagrørsla. Ho er for tida leiar i Raudt Bergen og er medlem i miljøpolitisk utval i Raudt. Ho har vikariert i både fagleg utval og miljøpolitisk utval i Raudt. Jeanette var fyrstekandidat ved Stortingsvalet i 2017, og har erfaring frå fylkestingsarbeid i form av at ho er 2. vara til fylkestinget, og har vore fast representant i Utval for opplæring og helse i Hordaland fylkeskommune medan den faste representanten hadde permisjon. Av arbeidserfaring kan det nemnast sekretær for Industri Energi i Odfjell Drilling, renseriarbeidar og i helsevesnet. Jeanette brenn for faglege rettar, for en solidarisk og medmenneskeleg behandling av flyktningar og asylsøkarar, for et inkluderande og mangfaldig samfunn.
Terje Kollbotn (67)
Terje har vore leiar i Raudt Odda sidan 2012, og sit som gruppeleiar for Raudt i i Hordaland fylkesting, i tillegg til å vere medlem i Kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune. Han har vore styremedlem i AKP i Odda/Tyssedal, og medlem i distriktsstyret i Hordaland. Han har vore fyrstekandidat ved stortingsvalet i Hordaland i 1993 og har vore blant toppkandidatane i alle val sidan den gong. I tillegg til dette har han hatt ei rekkje verv i ulike fagpolitiske foreiningar og organisasjonar. Dei viktigaste sakene for Terje er kampen for faglege rettar – mot EØS, kampen for miljø og arbeidsplassar som to sider av same kamp og kampen mot sentralisering – for distrikta.
Ingeborg Hordvik (36)
Ingeborg er opphaveleg frå Austrheim oger leiar av lokallaget Raudt Bergen Vest, eit lag ho også var med og bygde opp. Ho har i halve perioda vore representant i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Hordaland fylkesting, og har også vore med i fylkestingsgruppa til Raudt Hordaland. Ingeborg er utdanna hjelpepleiar og jobbar i helsevesnet, noko ho har gjort dei siste 15. åra. Ho likar spesielt å drive lokalpolitikk, vil bevare skulane der folk bur, ønskjer eit breidt offentleg helsetilbud og å få stoppa sentraliseringa som dagens regjering legger opp til.
Anders Hamre Sveen (35)
Jobbar som barnehagelærar. Var ungdomstillitsvald i Norsk Arbeidsmandsforbund avdeling 2 Oslo -Akershus i frå 2007 til 2009 og medlem av det sentrale ungdomsutvalet i Norsk Arbeidsmandsforbund frå 2008 til 2009. Anders Hamre Sveen var òg leiar i LO i Indre Nordfjord frå 2017 til 2018. Anders Hamre Sveen er nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane og var dessuten blant anna fagleg leiar i Raudt frå 2010 til 2012 og leiar av Rødt Akershus frå 2009 til 2011.
Anders vil arbeide for at det vert slått ring rundt alle dei vidaregåande skulene vi har i Sogn og Fjordane. Ei anna viktig sak er ei styrking av busstilbodet i og rundt Sogn og Fjordane. Det er vidare viktig å snarast mogeleg få reversert vedtaket om å slå i hop Sogn og Fjordane og Hordaland til eitt fylke. Han vil òg arbeide for lågare prisar for dei offentlege tannhelsetenestene for alle dei som tener under tre gongar grunnbeløpet i Folketrygda
Rose Maiken Flatmo (62)
Rose Maiken er tilsett som organisasjonsarbeider Fellesforbundet Hardanger Sunnhordland, og sit i Raudt sitt sentralstyre. Ho er også leiar i Raudt Stord og i fylkesstyret i Raudt Hordaland. Rose Maiken har forutanom noverande jobb blant anna arbeidserfaring frå Arbeidsmarkedsetaten, organisasjonsarbeider i Fellesforbundet i Nord-Trøndelag og Nordmøre og Romsdal.
Det er nominasjonsmøtet den 17. november som skal avgjere korleis lista blir sjåande ut til slutt.
Her kan du sjå heile framlegget til liste.
Nominasjonsnemda har bestått av: Kjell Oldeide (Sogn og Fjordane), Borhgild Guddal (Sogn og Fjordane). Stian Stavland (Hordaland) og Karin Rasmussen(Hordaland).
Nominasjonskomiteens framlegg
Listeframlegg frå nominasjonsnemda