No må det bli slutt på kutt!
Raudt Vestland har eitt mantra: no må det bli slutt på kutt! Ostehøvellkutta er ei tvangstrøye for opplæringstilbodet, set den offentlege nærskulen i fare og gir grobotn for private aktørar i sektoren.
I Vestland fylke er det eit årleg krav om innsparing på 100 millionar kroner, der minst ein tredel skal skje i opplæringssektoren. Dette er ei tvangstrøye for skulen sitt opplæringstilbod meiner vi i Raudt.
Vi er glade posisjonen vil utvide yrkesfagtilbodet i stor-Bergen nærskuleområde, slik at vi kan debattere friske midlar til sektoren på fylkestingsmøtet i juni. Men kampen om å sprenge budsjettramma møtar motstand frå administrasjon og fylkesdirektør. Under gjeldande finansmodell får hovudutval for Opplæring og Kompetanse berre "lov" til å gjere vedtak som er innafor dei økonomiske rammene for sektoren. Dette meiner Raudt er feil, og har i alle budsjetthandsamingar stemt mot dei strenge, økonomiske rammene som går på bekostning av opplæringstilbodet.
Raudt vil opprette fagtilbod der det trengs i fylket, og der det er behov for faglært arbeidskraft. Eit godt døme er Austrheim vidaregåande skule i Nordhordland, der skulen og oppdrettsnæringa ønskjer naturbruk Vg1. Det som no føregår er at medan posisjonen legg ned linjer, kjem private skular og foreslår at dei kan opprette linjene som blir etterspurt.
Tala frå SSB for elevgrunnlaget i 2019, er tydelege i sin tale: Hordaland distrikt toppar landsstatistikken for talet elevar i privat vidaregåande skule med 14,5 %. Dette talet har auka med 7 % siden 2001, ifølge Utdanningsforbundet.
Raudt vil at det offentlege opplæringstilbudet skal være det beste og mest tilgjengelige. Om vi ikkje klarar å tilby det elevane og arbeidslivet treng, som eit godt opplæringstilbod ved den desentraliserte nærskolen og eit tilstrekkelig busstilbod, så vil det forsterke fråflyttinga og i ytterste konsekvens videre auke dei private skulane sitt elevgrunnlag. Privatskulane i storbyen har elevar på studiespesialiserende - vi kan ikkje la dei få yrkesfagelevene i distrikta og!
No trengs eit skikkeleg opprør for skulesektoren! Utdanningsforbundet er samde med oss. Fellesforbundet vil samarbeide om yrkesfaga. Saman med foreldre og lærarar kan, og må, Raudt spele ei viktig rolle i å løfte skule på dagsorden i valgkampen!
Kva har Raudt gjort i fylkestinget?
- Føreslått at fylkesadministrasjonen må prioritere eit styrka opplæringstilbod i skulane i distrikta og i utkantstrøka av stor-Bergen.
- Føreslått å skjerme opplæringssektoren for stadige kutt, og heller investere meir for å styrke dei desentraliserte nærskulane.
Om du skulle ha lyst til å sjå korleis dei ulike partia har stemt i utvalet kan du kikke her. For å lese meir om dei sakene som er sendt vidare til fylkestingsmøtet i juni kan du lese her. Og om du heller er av typen som liker video, kan du Raudt Vestland sin gruppeleiar Jeanette Syversen i debatt om opplæringstilbodet i Arna i denne videoen (1.28 og 1.44 inn i opptaket)