Nei til utanlandskabel!

Raudt vedtok i helga fråsegn der vi seier nei til utanlandskabel frå Simadalen i Eidfjord til Skottland.

Det svenske statseigde kraftselskapet Vattenfall og tre av dei største offentleg eigde norske kraftselskapa E-CO Energi, Agder Energi og Lyse Energi har søkt om konsesjon til å byggje ein gigantisk kraftkabel (1300MW) frå Statkraft sin kraftstasjon i Sima i Eidfjord til Skottland. Høyringsfristen er 15.april.

Fylkesårsmøtet i Raudt Hordaland vil på det sterkaste gå imot denne søknaden, og vil oppmode dei andre partia i Hordaland om å gjere det same. Nok ein utanlandskabel frå Norge vil ytterlegare auke presset på krafteksport og dermed auka kraftprisar i Norge. I dag er kraftprisane i England og Skottland 80 % høgare enn i Norge.

I tillegg vil fleire utanlandskablar føre til ytterlegare press på kraftutbyggjing og effektregulering, som vil øydeleggje naturen og miljøet.

I dag blir det produsert nok vasskraft til å dekkje det norske behovet til forbrukarar, industrien og andre næringar. Dei kablane som alt er bygd, er meir enn tilstrekkeleg til å eksportere eventuell overskotskraft og import i ekstreme tørrår. Å eksportere meir rein vasskraftkraft og dermed importere langt høgare kraftprisar frå andre deler av Europa, vil truge både den kraftforedlande industrien og industrisamfunna som er bygd opp på rimeleg vasskraft, og svekke økonomien til det norske folk.

Det blir hevda at Norge kan seie nei til fleire utanlandskablar, sjøl om Stortinget skulle går inn for norsk tilknytning til den europeiske energiunionen ACER. Formelt sett er dette rett. Men det er påfallande at det er dei store kraftselskapa og høgresida i norsk politikk som både går inn for norsk medlemsskap i ACER og fleire utanlandskablar. NorthConnect-prosjektet er og støtta med 10 millionar euro av EU som eit «infrastrukturprosjekt av felles europeisk interesse» (Connecting European Facility ellere C.E.F.). Difor er dette to sider av same kamp.

Vi registrerer med undring av Senterparti-ordførar Anved Tvedt i Hardanger Folkeblad 7.mars ser positivt på prosjektet, sidan dette kan gje nye arbeidsplassar i Eidfjord. Men for Hardanger og Vestlandet vil dette prosjektet kunne bli eit gigantisk tap av arbeidsplassar – og først og framst ein ekstraprofitt for Statkraft og kraftselskapa som har søkt om konsesjon. Difor vil vi oppmode både kommunestyret i Eidfjord, i resten av Hardanger og Hordaland gjere. Det same bør Hordaland fylkeskommune gjere.