Nei til uønska vindkraftanlegg i Vestland!

Raudt Vestland har sendt ein interpellasjon om vindkraft til fylkestinget. Den er no reistrert i sakspapira og skal bli handsama 4.mars. Les teksten til Terje Kollbotn, fylkestingsrepresentant Raudt Vestland.

Terje Kollbotn, fylkestingsrepresentant Raudt Vestland. Foto: Erica Restoften

Det har seinare kome forsikringar frå sentrale partiapparat om at det skal leggjast stor, for ikkje å seie avgjerande vekt på lokale vurderingar. Noen parti har til og med tatt til orde for kommunal vetorett mot vindkraftutbyggjing.

Raudt Vestland viser vidare til at fleire kommunar no står i ein strid mot utbygging av vindkraft i sine kommunar; f. eks. Høyanger og Sunnfjord der Fred. Olsen Renewables dagen etter kommunestyre- og fylkestingsvalet har sendt melding til NVE om byggjing av Høyangerfjell vindkraftverk. Dette er eit vindkraftverk som Fred. Olsen Renewables vil etablere i fjellområda mellom Høyanger og Viksdalen i Gaular – no Sunnfjord kommune. Gulen kommune står og ovafor ei vindkraftutbygging på Dalsbotnfjellet som kommunen ikkje ynskjer. Fleire eksempel finst, m.a. i Sunnhordaland og i Stølsheimen.

I fylkestings-posisjonen si politiske plattform står m.a. fylgjande:

«Vestland vil ikkje ha utbygging av vindkraft i urørd natur eller på bekostning av viktige verdiar knytt til natur, landskap, friluftsliv, kultuminne/kulturmiljø og reiseliv, og som er i strid med kommunestyrevedtak.»

  1. Vil fylkesordføraren no stå opp for dei kommunane som risikerer utbyggjing i strid med sine kommunestyrevedtak?
  2. Korleis vil han i so fall gjere det - og kva kan fylkeskommunen Vestland gjere for å støtte kommunane våre som seier nei til vindkraftanlegg i eigne område?
  3. Vil fylkesordføraren støtte fylgjande framlegg til vedtak:

Framlegg til vedtak: Vestland fylkesting kan ikkje akseptere at det blir gitt konsesjon til eit einaste vindkraftanlegg på land i Vestland fylke om kommunestyret seier nei. Vestland fylkesting vil ikkje ha utbyggjing av vindkraft i urørd natur eller på bekostning av viktige verdiar knytt til natur, landskap, friluftsliv, kulturminne / kulturmiljø og reiseliv.

(Levert til fylkesordførar Jon Askeland (SP), interpellasjon på Vestland fylkesting sitt møte 3.-4.3.20 frå Terje Kollbotn, fylkestingsrepresentant for Raudt)