Nei til suverenitetsavståing til EUs energibyrå ACER
Raudt tok initiativet til denne interpellasjonen som blir behandla på fylkestinget i Hordaland 6. - 7. mars. Den er fremma saman med SV.
«Hordaland fylkesting meiner norsk kraft fryst og fremst skal brukast til å utvikle næringslivet i Noreg og dekke det norske energibehovet, og ber regjering og Storting reservere Noreg mot suverenitetsavståing til EUs energibyrå ACER.
I mars 2018 vil det komme forslag om at Noreg slutter seg til EUs energibyrå ACER via overvakingsorganet ESA. ACER har som formål å lage eit felles europeisk nett for både gass og straum der nasjonale omsyn ikkje skal takast. Medan dagens samarbeid er rådgjevande, skal ACER fatte bindande fleirtalsvedtak. Konkret blir det foreslått at ACER skal bestemme reglane for når straumen skal flyte den eine eller andre vegen gjennom eksportkablane. Dei vil også bestemme kven som skal betale ved usemje og det er uklart om Noreg i framtida vil kunne avstå frå å bygge eksportkablar ut frå nasjonale omsyn.
Det er også sagt at ein ny reguleringsmyndigheit for energi (RME) som vil bli ein heilt ny statsforvaltningsmessig konstruksjon, ikkje skal vere underlagt Noregs politiske styringsmyndigheiter. Ein slik uavhengig reguleringsmyndigheit strir imot prinsipp i grunnlova §115.
Det er all mulig grunn til å hevde at Noreg vil importere ein straumpris som i dag er vesentlig høgare enn i Noreg. Dermed vil norsk kraftforedlande industri miste sin viktigaste konkurransefordel, rimeleg, rein og fornybar energi. For ikkje å gløyme kva tap av høgteknologisk kompetanse i verdsklasse, vil ha å seie for industriutviklinga vår i framtida. Prosessindustrien i Noreg står for 20 % av norsk eksport og målet bør vere ein større prosentandel enn det. I Hordaland er denne industrien sjølve drivhjulet i distrikta våre, men også viktig i ein framtidig omstilling. Desse bedriftene er heilt avhengige av ein føreseieleg og konkurransedyktig pris på straumen. Dessutan, er det sannsynleg at ein auke i eksport av straum kan gje ein merkbar auke i straumkostnadar for den jamne Hordalending og for andre føretak som nytter store mengder straum i Bergen og omegn.
Vil fylkesordførar tilrå at Hordaland fylkesting stiller seg bak følgande:
A. Fylkestingsrepresentantar meiner at norsk kraft skal brukast til å utvikle landet til det beste for innbyggjarane. Krafta vår foredlast best her heime og vi ber regjering og Storting reservera Noreg mot suverenitetsavståing til EUs energibyrå.
B. Fylkestingsrepresentantar støttar LO i Indre Hardanger samt fagbevegelsen tilknytta kraftforedlande industri i fylket og stiller oss bak Vestlandsoppropet mot norsk tilknyting til ACER.
C. Fylkestingsrepresentantar meiner at det å underleggje seg EU sitt energi byrå ACER, må sjåast som ein suverenitetsavståing med potensielt fatale konsekvensar for kraftforedlande industri i Hordaland og Sogn og Fjordane. Grunnlovas §115 stiller krav om ¾ dels fleirtall, ved suverenitetsavståing til myndigheiter der Noreg ikkje er tilslutta, og må avdi leggjast til grunn for sakas vidare handsaming i Stortinget.»