Nei til ran av kraftkommunane!

Regjeringas kraftstatteutval (Sanderud-utvalet) leverte 1. oktober si innstilling der dei foreslår å fjerne kraftkommunane sin lovfesta rett til del av inntektene. Bortfallet av inntekter no er eit svik mot samfunnskontrakten mellom kommunar og stat gjennom 100 år. Raudt Hordaland protesterar på dette ranet av vasskraftkommunane.

Vasskraftkommunane vil kunne misse ein stor del av det vederlaget kommunane til no har fått.  Ei slik utvikling vil ramme dei kommunale tenestene i Distrikts-Noreg spesielt hardt – noko som vil forsterke avfolking, sentralisering og føre til drastiske kutt i velferdstilboda.

Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) sitt første nettsideoppslag om saka hadde tittelen: ”Kommunale kraftinntekter utraderes!”. Ei rekkje ordførarar i dei 175 kraftkommunane, m.a. her i Hordaland, kalla utgreiinga ei krigserklæring og har varsla politisk kamp mot fleire av tilrådingane frå utvalet. Utvalet foreslår m.a. slutt på dagens ordning med konsesjonsavgifter og konsesjonskraft. Dette vil og påverke fylkeskommunane sin økonomi, ikkje minst i det som vil bli kraftfylket Vestland. Utvalet foreslår og større endringar i eigedomsskatten. Dette vil bety årlege tap på opptil 4 milliardar, herav 1 milliard for ei rekkje kommunar i dagens Hordaland og Sogn og Fjordane og for den nye Vestland fylkeskommune.

Raudt Hordaland tar sterkt avstand frå ein slik endring til det verre for distrikta og vil arbeide for at vasskraftkommunane får behalde sine inntekter etter dagens lov- og regelverk.

I staden burde ekspertutvalet sett på ordningar som kan gjere det lettare å oppgradere vasskraftverka. Dette ville, utan naturinngrep, kunne auke straumproduksjonen i Noreg med 15-20% (om lag 20-30 TWt). Det er like mykje eller meir enn den planlagde vindturbinindustrien i Noreg vil produsere i 2030.

Denne fråsegna byggjer på eit forslag som Raudt Hordaland reiste på det siste fylkestinget i Hordaland den 1.10 i år. Dette forslaget  vart diverre erstatta av eit meir diffust og tvetydig vedtak, som opna opp for krav om 100% kompensasjon ved eventuelle endringar av kraftskatteregimet. Raudt Hordaland vil sterkt oppmode alle kommunestyra i kraftkommunane og fylkestinget i det nye Vestland fylke om å vedta klåre og eintydige vedtak som avviser desse forslaga innan høyringsfristen 1.1. 2020.

Raudt Hordaland vil arbeide vidare for eit bredt politisk forsvar av kraftkommunene her i Vestland. I det vi går inn i «tvangsekteskapet» nye Vestland, legg fylkesrådmannen Rune Haugsdal  fram forslag om sektorvise ostehøvelkutt på 490 millionar over dei neste 4 åra. Samstundes feilar regjeringa med å innfri fullfinansiering av dei oppgåvene som kjem med samanslåinga. Raudt Hordaland meiner at det er kritisk å samle eit fleirtal for krav om å stogge endringar i kraftskatteintektene.

No må Vestland sine politikarar reise seg for folket dei er satt til å tene og gje storting og regjering tydeleg beskjed: vi aksepterer ikkje meir sentralisering av midlar som absolutt er naudsynte for å oppretthalde levedyktige lokalsamfunn i distrikta våre!

Fråsegn vedteke av styret i Raudt Hordaland laurdag 23.11.2019.

Fylkesstyret i Raudt Hordaland, frå venstre: Åshild Austegard, Magne Hagesæter og Jeanette Syversen.