NEI TIL HORDFAST – JA TIL TRYGGE VEGAR, MEIR BANE OG BETRE KOLLEKTIVTILBOD!

Laurdag 20. mars gjennomførte Raudt Hordaland årsmøte og vedtok denne fråsegna om Nasjonal Transportplan (NTP).

Samferdsleminister Knut Arild Hareide presenterte på vegne av regjeringa forslag til Nasjonal Transportplan 2022-2033 fredag 19.mars.

Ikkje uventa var gigantprosjektet Hordfast med bompengefinansiert firefelt motorveg og bru over Bjørnafjorden øvst på prioriteringslista til regjeringa her på Vestlandet, kostnadsregna til 37,7 milliardar. Statsminister Erna Solberg har tidlegare hevda at det vert ei ulukke for Vestlandet om Hordfast ikkje kjem på plass. Raudt meiner i motsetning til statsministeren at det blir ei ulukke for både klimaet, naturmangfald og kystlandsskapet om dette prestisjeprosjektet til Høgre kjem på plass.

Raudt Hordaland vil sette trygge vegar som første prioritet i NTP, med trafikk- og rassikring av riks- og fylkesvegane som er alvorleg forsømt i heile fylket. Dette er i samsvar med vedtaket på LO Vestland sin regionskonferanse i fjor og alle miljøorganisasjonane her vest. Den alvorlege ulukkestatistikken og stadige stengte vegar på grunn av ras og flaum som fylgje av klimaendringane, gjer dette kravet livsviktig for svært mange. Det er ikkje særleg truverdig av regjeringa å snakke varmt om nullvisjon for drepne og skadde i trafikken og klimasatsing når dei prioriterer upopulære prestisjeprosjekt på topp.

Raudt Hordaland er glad for at forslaget til Nasjonal Transportplan endeleg vil satse på både veg og bane mellom Arna og Stanghelle. Men Raudt går inn for at heile strekninga frå Arna til Voss, både E16 og Vossabanen blir gjennomført under eitt, tidleg i neste planperiode.

Raudt Hordaland går inn for at prosjektet E39 Vågsbotn-Klauvaneset med tunnel får byggestart med kollektivfelt snarast. Denne strekninga har både låg standard, høg trafikk og mange ulukker. Vi er rett og slett provosert over at statsminister Erna Solberg på pressekonferansen fredag hevda at regjeringa ikkje ville prioritere dette prosjektet fordi det ikkje hadde lokalpolitisk støtte, noko som er direkte feil. Monsterprosjektet Hordfast går regjeringa derimot inn for, sjølv om det ikkje lenger har lokalpolitisk støtte i Bjørnafjorden kommunestyre! Denne argumentasjonen frå statsministeren er både inkonsekvent og direkte pinleg.

Raudt Hordaland vil i motsetnad til regjeringa, satse storstilt på utbygging av rimelegare kollektivtilbod med nullutslepp i heile fylket. Det gjeld både buss, bane, ferjer og snøggbåt. Utbygging av bybanen til Åsane i Bergen skal etter Raudt sitt syn ikkje skje med bompengefinansiering, men med 100 % statleg finansiering, slik Raudt til no har stått åleine om i Stortinget.

Regjeringa hevdar at dei vil satse stort, nytt og klimavenleg innan samferdslepolitikken. Likevel nemner dei ikkje satsing på lyntog mellom austlandet og vestlandet med eit ord. Raudt tenkjer stort og nytt, og vil revolusjonere norsk samferdslepolitikk. Lyntog basert på elektrisitet eller hydrogen vil kunne erstatte mesteparten av bil-, gods, og flytrafikken aust-vest, binde saman by og land og ta betre vare på både klimaet, miljøet og tryggleiken for dei reisande.

Raudt Hordaland er på parti med LO når vi går imot konkurranseutsetjing av vegbygging gjennom «Nye Veier» eller anbod på togtrafikken. Denne forma for «outsourcing» er ansvarsfråskriving og oppstykking av samferdslepolitikken og legg opp til sosial dumping for å få ned kostnadene ( eller «meir for pengane» som regjeringa hevdar). På riksveg 13 frå Skare til Sogndal, ein av dei mest ras- og trafikkfarlege strekningane i landet, skal styret i selskapet «Nye Veier» sjølv vurdere utbyggings rekkefylgje og oppstarttidspunkt. Politiske prioriteringar vil det vere slutt på om fleirtalet i Stortinget i løpet av våren vedtar dette planforslaget.

Raudt Hordaland mobiliserer for eit regjeringsskifte, eit sterkt Raudt på Stortinget og ein ny politisk kurs innan m.a. samferdslepolitikken. Om regjeringa skulle få fleirtal for sine prioriteringar, vil eit nytt fleirtal etter stortingsvalet 13. september kunne endre på dette og satse mykje meir på trygge vegar og kollektivtrafikk med full statleg finansiering for å byggje saman landet.

Fråsegn vedteke på Raudt Hordaland sitt årsmøte, 20.03.21

Foto: Brage Aronsen.