Nei til Hordfast, ja til nasjonalpark!
Vi gler oss alle til vi kan gå attende til ein normal kvardag. Spørsmålet er berre kva kvardag dette skal vere. Det er på tide å satse på ei meir berekraftig utvikling og grøne alternativ som tar naturen sine tolegrenser på alvor. Samferdselssektoren kan vere ein god plass å starte.
I disse dagar er Nasjonal Transportplan (2021 – 2033) ute på høyring i kommunar og fylkesting over heile landet. Endeleg vedtak på innspel til denne frå Vestland fylkeskommune vil bli gjort i ekstraordinært fylkesting 12.mai.
Eit av prosjekta som skal vurderast i planen er Hordfast med gigantbru over Bjørnafjorden. Noreg har brukt 23 milliardar kronar for å verne regnskog i andre land, då kan vi ikkje legge ein motorveg gjennom vestlandet sin eigen regnskog på Reksteren – som dette prosjektet trugar. Skal vi nå nullutsleppsmåla, stogge dei verste konsekvensane av klimaendringane og hindre utrydding av artar, då må vi ta omsyn til naturmangfaldet og hindre utsleppsauke og asfaltering av natur også her heime.
Karbonfangst og CO2-lagring gjennom vern av naturmangfald er viktig å ta omsyn til i planlegginga av infrastrukturen og trafikkutviklinga vi legg opp til. Å byggje ut meir veg og auke kapasiteten for tungtrafikk er ikkje det vi vil prioritere. Vi vil sjå infrastrukturen i samanheng med menneske og naturen sine behov. Kortreist mat og trygge lokalsamfunn, der ein kan bu, arbeide og leve sunne liv i frisk natur, er det klimaet treng.
Koronakrisa har vist oss at det finst digitale løysingar som gjer at flyreiser ikkje er naudsynt for å gjennomføre møter. Dette skjer på ein global skala, og syner at ein også etter koronakrisa kan klare å avgrense klimagassutslepp og svevestøv til det mest naudsynte. Dette sparar tid, og er klimavennlege og billige tiltak som monnar. Framfor å utvida flyplassar eller 4-felts motorvegar må vi i staden satse på elferjer, jernbane og få mest mogleg gods over på bane og sjø.
For Raudt Vestland, er det kritisk at heile Hordfast prosjektet no blir skrinlagd! Med ein prislapp på 40 milliardar er det no sterke krefter som vil trosse både natur og miljøomsyn. For Raudt er det uaktuelt å støtte store naturinngrep som i tillegg legg opp til ein stor økonomisk belastning for dei som skal nytte brua, med usosiale bompengeavgifter. Vi gjekk i fjor ut med full støtte til Naturvernforbundet sitt føreslag om å gjere Reksteren til Nasjonalpark. Dette er visjonært og jordnært. Vi vil verne om urskog og heller investere pengar i å elektrifisere ferjesambandet, samt heilt naudsynt oppgradering av allereie eksisterande vegnett, bane og rassikring. Vår visjon er at dødsvegar, som den mellom Voss og Bergen, skal utbetrast, at rassikring skal prioriterast og at gigantprosjekt som aukar kapasiteten med 4 felts motorveg avviklast.
Vi er glade for at kommunane Ullensvang, Samnanger, Kvinnherad, samt Bjørnafjorden no har vedtatt at dei ikkje vil prioritere Hordfast. Vi er samde med Naturvernforbundet, Miljøvernforbundet, LO i Vestland og Norges lastebileigarforbund: Hordfast skal ikkje prioriterast i NTP. La oss no ein gong for alle sette ein stoppar for dette gigantprosjektet og sette rettferdig klima- og miljøpolitikk på dagsorden - ved å prioritere rassikring, trafikksikkerheit og ruste opp det vi har av veg, bane og hamn!
Jeanette Syversen – Gruppeleiar Raudt vestland
Helga Holmefjord – Leiar Raudt Bjørnafjorden
Mohamed Kallel – Leiar Raudt Stord
Dette innlegget stod på trykk i Os- og Fusaposten 28.04.20.