Nei til auka bruk av mellombelse tilsetjingar i Hordaland fylkeskommune
Denne interpellasjonen blir fremma på Fylkestingsmøtet i morgon 9. mars av Raudt sin representant Terje Kollbotn.
Fleirtalet i Stortinget vedtok i fjor høve til auka bruk av mellombels tilsette gjennom ei lovendring i Arbeidsmiljølova paragraf 14-9. Dette vil få alvorlege konsekvensar for arbeidstakarar og heile arbeidslivet.Ei samla fagrørsle gjekk imot denne lovendringa. Arbeidstilsynet åtvara i si høyringsfråsegn mot dette forslaget av fleire grunnar.
Meir enn noen gong er det behov for seriøse arbeidsgjevarar i privat og offentleg sektor som tilbyr sine tilsette faste og verdige løns- og arbeidstilhøve. Auka bruk av mellombels tilsette vil føre til det motsette. Raudt meiner at Hordaland fylkesting som øverste arbeidsgjevar i fylkeskommunen bør forsvare og praktisere den tidlegare formuleringa i Arbeidsmiljølova paragraf 14-9 og arbeide for færre – ikkje fleire - mellombels tilsette i fylkeskommunen.
Er fylkesordføraren samd i denne vurderinga?
På denne bakgrunn vil eg foreslå at Hordaland fylkesting gjer fylgjande prinsippvedtak:
«Hordaland fylkeskommune vil som arbeidsgjevar fylgje tidlegare paragraf 14-9 i Arbeidsmiljølova, uavhengig av om Stortinget har vedtatt utvida adgang til mellombels tilsetjingar i ei ny Arbeidsmiljølov». Dette er både i samsvar med heile fagrørsla sitt ynskje, og i tråd med ei rekkje kommune- og fylkes fylkestingsvedtak elles i landet.
Terje Kollbotn (fylkestingsrepresentant Raudt Hordaland)