Nasjonale styresmakter må utsetje fristen for innspel til NTP

Fylkestinget skal etter planen handsame NTP (nasjonal transportplan) i ekstraordinært fylkesting 12. mai. Fylkeskommunen har tidligare bedt om utsetjing av den nasjonale fristen for saka, men fekk avslag frå regjeringa. Det var før COVID-19.

Gruppeleiar Jeanette Syversen (Foto: Erica Restoften).

For å sikre ein open og demokratisk prosess i forkant av viktige politiske vedtak, meiner Raudt Vestland at denne og liknande sakar må få utvida frist frå regjeringa. I det som no er ein internasjonal unntakstilstand må nasjonale styresmakter kunne godkjenne utsetjing av denne typen saker, då det i alle fylkesting og kommunar er eit ekstraordinært press på administrasjon og leiing for å ivareta drift av grunnleggande tenester.

Gruppeleiar i Raudt Vestland, Jeanette Syversen Gruppeleiar i Raudt Vestland, Jeanette Syversen, vitja mandag 16.mars gruppeleiarmøte i Vestland via Skype. Der hadde fylkesordførar og fylkesrådmannen ei orientering om status for fylkeskommunen under den pågåande pandemien. Dette møtet er ikkje eit vedtaksdyktig organ. Det er store utfordringar som skal handsamast, og mange omsyn både økonomisk og logistikk-messig som skal ivaretakast når det ikkje er mogleg å gjennomføre fysiske møter.

Ei av sakene som vart drøfta var forskrift ifrå regjeringa om utvida moglegheit til å nytte fjernmøter i politiske organ. Raudt Vestland forstår at denne situasjonen krev at ein finn løysingar som tek i vare den daglege og politiske framdrifta i Vestland fylkeskommune. Raudt Vestland vil stadfeste at dette ikkje får gå på kostnad av gode demokratiske prosessar.

Det er heilt på det reine at avgjersler som gjeld tryggleik, liv og helse, kollektivtrafikk, kritisk infrastruktur, innkjøp, tannhelse og utdanning kan krevje hastevedtak. Det er allereie gjort eit godt arbeid ifrå fylkesadministrasjonen si side for å ivareta alle desse områda i denne krisa, og Raudt Vestland er på lik linje med dei andre partia, opptekne av å samle oss tverrpolitisk for å finne gode løysingar for nødvendige politiske avgjersler.

Det kan verte aktuelt at Vestland fylkesting i eit fjernmøte må ta stilling til om det skal gjevast fullmakt til fylkesutvalet om å ta politiske avgjersler i hastesaker. Raudt Vestland sin premiss for å støtte dette, er at alle politiske parti som er representerte i fylkestinget, men ikkje har fast plass i fylkesutvalet må inkluderast i eit slikt “ad-hoc” organ. Raudt Vestland vil vidare krevje at store politiske sakar som NTP (Nasjonal transportplan) ikkje kan definerast som hast-sak.

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/midlertidig-forskrift-om-gjennomforing-av-fjernmoter-i-kommuner-og-fylkeskommuner-for-a-begrense-spredning-av-covid-19/id2693469/