Når er det nok? - Miljøkonferanse i Etne

Raudt Etne, Raudt Hordaland og Rødt Rogaland inviterer til miljøkonferanse i Etne helga 20. og 21. juni 2026.

NÅR ER DET NOK?

Klokka er fem på tolv - for Norge, resten av Europa og verda. Fuglar, insekter, dyreliv, fisk og fauna står i fare. Vi har sterke motkrefter – dei skal stadig ha litt meir her og litt meir der. Før lagde vi sko, klær, møblar, klokker og andre ting vi trengde for at det skulle vara – solid handverk som kunne nyttast i generasjonar. No har vi fått ein bruk-og-kast­mentalitet og mykje-vil-ha-meirmentalitet som øydelegg miljøet rundt oss.

Laurdag 20.juni klokka fem på tolv (11.55) startar årets miljøkonferanse på Skakkesenteret i Etne.

Programmet vil gje oss fakta og diskusjon om fuglar, fisk og dyr - om vidda, mineralar og arealplanar i naturen – om konsekvensar og viktige vegval.

Naturvernforbundet, Motvind, Birdlife Norge og aksjonistar mot monstermaster og for natur- og miljøvern i Rogaland og Hordaland kjem.

Kva bekymrar oss i Etne, Vindafjord, Tysvær, på Haugalandet og på Stord, i Suldal, Sauda, Hardanger og andre stader?

Vi spør – og dei og du fortel!

Terje Kollbotn er påtroppande stortingsrepresentant frå Hardanger og Raudt Hordaland. Han skal erstatte Sofie Marhaug i energi- og miljøkomiteen i ein lengre periode, sidan Sofie skal bli mor i somar. Terje skal og delta som stortingsrepresentant på FN sitt naturtoppmøte i slutten av oktober og FN sitt klimatoppmøte i midten av november.

Han skal både lose oss gjennom denne brennaktuelle konferansen - og lytte aktivt til kva vi er bekymra for – og ta med seg gode innspel til både Stortinget og FN!

Anten du er aktiv i ein interesseorganisasjon, politikar uansett parti eller berre vanleg innbyggjar med interesse for natur- og miljøvern, så er du hjarteleg velkomen! Dette er ein miljøkonferanse der DU kan få løfta det du meiner er viktig, ut av kommunenog til Stortinget og FN!

Dagen etter, søndag 21.juni frå kl. 13.00 inviterer vi til open workshop, der det blir utvikla arbeidsgrupper, nettverk, samarbeid på tvers -og forslag til representantforslag (Dokument 8-forslag) som Terje Kollbotn kan reise på Stortinget til hausten!

Billettar til konferansen kan tingast på Skakke
 https:/skakke.no/program/ for kr. 200.

Kiosken på Skakke vil vere open under konferansen om du blir tørst eller svolten!

Program laurdag 20 .juni:

1155:
Velkomstord ved Vigdis Madssen (leiar i Raudt Etne) og leiar for konferansen, Terje Kollbotn (påtroppande stortingsrepresentant for Raudt Hordaland)

1205:
Somarhelsing frå Stortinget - Sofie Marhaug (Raudt Hordaland)

1220:
Fuglelivet i fare - Jarl Skrunes (Bird Life Norge)

1240:
Arealplanleggjing som trugar naturen - Olav Breivik (Sauda)

1300:
Nye vindkraftprosjekt og helsefarer - Bjarne Jensen (Motvind)

1320:
Naturen i fare – kva gjer vi? - Roy Høybo (Naturvernforbundet)

1340:
Pause. Kiosken er open heile dagen.

1400: Kritiske mineraler og Noreg- Julia Hovda (Geolog)

1420:
La villreinen leva - Terje Kollbotn (stortingsvara for Raudt)

1435:
Kampen mot Statnett sine monstermaster
- Grethe Tesdal (Etne)

1450:
Matjord og jordvern-Lisa Karine Haugland
master ­plantevitenskap

1510:
Kva bekymrar oss mest i vår kommune?
Korte appellar og innlegg.

1605:
Pause

1620:
Auksjon av maleriet som er laga til konferansen av
Anne-Lisbeth Madssen Jacobsen

1630:
Sofadebatt mellom innleiarane og med salen.
Naomi Wessel (Raudt Rogaland) leiar debatten.

1800:
Slutt dag 1.

Program søndag 21.juni:

1300 - 1600: Workshop i kafeen på Skakkesenteret for alle som vil vere med å arbeide vidare det som har kome fram dag 1.

Velkommen til årets miljøkonferanse på Skakkesenteret i Etne 20. og 21. juni 2026

Påmelding: skakke.no/program/

Reise til Etne: Buss frå Aksdal 10:35 på laurdag.
Me oppmodar til å reise kollektivt eller med samkøyring. For samkøyringsmoglegheiter, ta kontakt med ditt lokallag i Raudt (raudt.no/partiet)

Overnatting: Fugl Fønix Hotell og Etne Camping er begge innanfor gangavstand til Skakkesenteret i Etne.