Møt ny distriktsleiar i Raudt Hordaland

På årsmøtet til Raudt Hordaland 14. mai fekk vi nytt distriktsstyre. Her kan du bli betre kjend med nyvald leiar Rose Maiken Flatmo.

"Mitt namn er Rose Maiken Flatmo, eg er opprinneleg frå Møre og Romsdal, frå Hustadvika kommune, men eg har budd i Bergen med familien i mange år tidlegare.

Eg er 64 år og dei siste 10 åra har eg arbeidd som organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet, dei siste 4 åra på Stord og i Hardanger Sunnhordland. Tidlegare har eg hatt arbeid i arbeidsmarknadsetaten, både på arbeidskontor på kommunenivå og på fylkesarbeidskontor. Desse erfaringane bidreg til å gjere arbeidsmarknadspolitikk heilt sentralt i mi politiske orientering. Eg er oppteken av at Raudt skal vere eit tydleg produksjonsparti. Kva skal vi leve av her i landet og korleis skal vi produsere? Korleis kan vi styrke interessene til det arbeidande folket anten det er innan industri, fiske, jordbruk, skogsarbeid, vegarbeid og infrastruktur, varehandel eller innanfor offentleg sektor som helse og omsorg, skule, barnehagar, universitet og høgskular? Korleis kan vi sikre offentleg eigarskap til naturressursane og infrastrukturen, og korleis kan vi bruke desse til å byggje trygge arbeidsplassar og sikre busetting i heile landet? Korleis kan Raudt bidra til å styrke fagrørsla både i privat og offentleg sektor?

Eg er så heldig at eg får sitte i Raudt sitt sentralstyre, no for andre perioden. Eg har difor førstehands kjennskap til alle politikkområda i Raudt, noko som vil vere til stor nytte i vervet som distriktsleiar for Hordaland. Kampen mot forskjells-Noreg i alle kommunar, ein generøs flykingepolitikk og kamp mot rasisme, og støtte opp om arbeidet til fylkestingsgruppa og fortsatt kamp mot Hordfast osb.

All innsats og engasjement, lite eller stort, frå alle medlemmane er viktig dersom vi skal klare å bryte sperregrensa ved stortingsvalet i 2021. Raudt Hordaland er ein godt drive organisasjon, her har det vore mange som gjennom år har gjort ein stor innsats for partiet. No er det det nye distriktsstyret som har stafettpinnen, vi har eit godt grunnlag å stå på. Eg takkar for tilliten for leiarvervet og gler meg til dette viktige arbeidet saman med gode kameratar."

Slik ser det fulle distriktsstyret ut:

Arbeidsutvalet:

• Leiar: Rose Maiken Flatmo (Stord/Bergen)

• 1. og 2. nestleiar: Stian Nerdal Berntsen (Bergen) og Reidun Kjome (Askøy)

• Økonomiansvarlig: Frank Mo

• Vara: Johan Lavik (Bergen)

Øvrige styremedlemmar:

• Nordhordland: Toril Mongstad (Alver/Lindås), vara Hendrik Weber (Alver/Radøy).

• Midthordland: Silje Paulsen (Askøy), vara Ingrid Furevik (Øygarden)

• Sunnhordland: Arvid Mørk Mikkelsen (Bømlo), vara Gaute Lund (Kvinnherad)

• Voss: Bridget Penny, vara Bjarte Kaldestad

• Hardanger: Sindre Måge (Ullensvang), vara Odd Idar Olsen (Ullensvang)

• I tillegg oppnemnar RU eigen kandidat.

Til samordningsstyret (som koordinerar arbeid mellom Raudt Hordaland, Raudt Sogn og Fjordane og fylkestingsgruppa til Raudt Vestland) vart desse vald:

Frank Mo

Stian Stavland

Rose Maiken Flatmo

Foto: André Løyning