Møt kandidatene: Terje Kollbotn

Vi held frem med våre intervju med Raudt Hordaland sine toppkandidatar. Denne gongen møter vi Terje Kollbotn, vår 2. kandidat ved stortingsvalget.

Navn, alder, bosted: Terje Kollbotn, 73 år, Odda

Yrke: Pensjonert bygg- og anleggsarbeidar

Fagforening: Fagforbundet Indre Hardanger (LO)

Hvorfor stiller du til valg for Rødt?

Som fagforeningstillitsvald og Raudt-politikar gjennom mange år, vil eg gjerne vere med på å løfte viktige saker for vanlege arbeidsfolk og fagrørsla - både her i Hardanger og i resten av Hordaland - inn på Stortinget dei neste fire åra. I tillegg vil eg som einaste alderspensjonist i landet no kunne kome inn på Stortinget for å kunne målbære dei store eldre- og demensutfordringane i åra framover.

Hva er etter din mening det viktigste Rødt-gjennomslaget?

Raudt, med støtte frå LO lokalt og regionalt, har fått vedtatt i Ullensvang kommunestyre og Vestland fylkesting at det skal stillast krav om landsdekkande norske tariffavtalar ved offentlege anbod. No er tida overmoden for at Raudt også kan gjennomslag for dette kravet også i det nye Stortinget, i ein ny Norgesmodell for eit seriøst arbeidsliv.

Hva er du aller best til? Gjennom mange år har eg utvikla evnen til å organisere og leie arbeidaraksjonar og andre folkelege opprør, ofte fram til siger og politiske gjennomslag.

Kan du dele en funfact om deg selv? Eg var med på laget som vann nordisk meisterskap i lagsmiing på Island i 2013.

Hvem er din helt? 

Arbeidarpioneren Marcus Thrane.

Terje Kollbotn, 2. kandidat for Raudt i Hordaland.