Møt kandidatane - Terje Kollbotn

I den komande tida vil vi presentere Raudt Vestland sine toppkandidatar. Denne gongen møter vi 2. kandidat Terje Kollbotn, som vil fortsette å kjempe for miljø, industriarbeidsplassar, faglege rettar og for å styrke lokalsjukehusa.

Terje Kollbotn, 2. kandidat Raudt Vestland.

Kva for kommune representerer du?

Ullensvang kommune (tidlegare Odda kommune) i Hordaland.

Kor gamal er du?

67 år.

Kva driv du med til vanleg?

I tillegg til Raudt-politikk og fagforeiningsarbeid (er framleis leiar i LO i Indre Hardanger), nyttar eg mykje tid saman med mine to små barnebarn, både med å spele fotball, fiske og gå turar i fjellet.

Kva er du aller best til?

Som mangeårig bygg- og anleggsarbeidar, har eg lært meg å jobbe målretta også i politikken, og organisere folk til felles innsats, t.d. i sjukehusaksjonar, kraftopprør (ACER) og fagleg kamp.

Har du tidlegare erfaring frå fylkestingspolitikk?

Eg har vore fast medlem i Hordaland fylkesting frå 2009-2011 og sidan 2015. Sidan 2015 har eg og vore gruppeleiar for Raudt og medlem av Kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune.

Kvifor stiller du til val for Raudt?

Raudt er for meg eit antikapitalistisk, sosialistisk arbeidarparti som freistar å aktivisere og inspirere arbeidsfolk og andre til å kjempe for rettferd, fred, eit betre miljø og mindre forskjellar.

Kva er dine hjartesaker?

Kamp for miljø og industriarbeidsplassar, faglege rettar og styrke lokalsjukehusa og distrikta.

Kva er sosialisme for deg?

Sosialisme er rettferd for arbeidsfolk, der alle kan yte etter evne og få etter behov, og naturens behov og bæreevne går foran profitt.

Om du blei statsminister i morgon, kva ville ha vore det fyrste du gjorde?

Halvere løna (for statsministaren og Stortingsrepresentantane).


Kva meiner du er det viktigaste Raudt har fått til i Hordaland fylkesting i dag?

Styrka faglege rettar og krav om tariffavtale ved fylkeskommunale anbod.

Kva tiltak eller løft skulle du gjerne ha sett gjennomført for den vidaregåande skulen i Vestland?

Avvikling av alle dei private kommersielle vidaregåande skulane og styrking av distriktsskulane, spesielt innan dei yrkesretta faga.


Kva meiner du er det viktigaste tiltaket Vestland kan gjere for å gå i riktig retning mot det grøne skiftet?

Kjempe for at rein vasskraft som blir produsert i Vestland skal nyttas til fordel for miljøvenleg industri, andre næringar og innbyggjarane, ikkje til krafteksport.

Er Raudt eit distriktsparti, i så fall kvifor?

Raudt ser verdien av desentralisert næringsliv og busetnad basert på naturressursane i distrikta (som vasskraft, landbruk og fisk). Raudt har kjempa konsekvent for lokalsjukehusa og fødetilbodet i distrikta. Raudt var det einaste partiet i Hordaland fylkeskommune som gjekk inn for at mesteparten av nye oppgåver i nye Vestland fylke skulle etablerast utafor Bergen.

Kva vil du gjere for å styrke kulturtilbodet til barn og unge i Vestland?

Styrke og samordne kulturskulane i kommunane.

Kva er din favorittplass i Hordaland eller Sogn og Fjordane?

Ei lita hytte i fjellet sør for Odda, med flott utsikt mot Hardangervidda og Røldalsfjellet.

Kva er din favorittlåt av ein artist/band frå Vestland?

197 av Major Parkinson.

Heilt til sist, kan du fortelle ei morosam historie eller fun fact om deg sjølv?

Eg har bygd eit mini-sagbruk ved hytta, dit eg drar inn rotvelta trær på snøen om vinteren, skjærer og fresar tømmer i alle variantar og lagar det fantasien gir rom for. Då koblar eg heilt av.