Møt kandidatane - Ingeborg Hordvik

I den komande tida vil vi presentere Raudt Vestland sine toppkandidatar. Denne gonge møter vi 3. kandidat Ingeborg Hordvik som er klar til å ta kampen for levande distrikt og gode velferdstenester der folk bur.

Ingeborg Hordvik, 3. kandidat Raudt Vestland. Foto: Mailiss Solheim.

Kva for kommune representerer du?
Austrheim.

Kor gamal er du?
37.

Kva driv du med til vanleg?
Jobbar som helsefagarbeidar.

Kva er du aller best til?
På å sjå løysingar, og ikkje problem.

Har du tidlegare erfaring frå fylkestingspolitikk?
Sitter som fast medlem i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne.

Kvifor stiller du til val for Raudt?
Fordi eg vil gjere det betre for alle å bo i Vestland, uansett funksjonsevne, og uansett kvar i fylket ein bur.

Kva er dine hjartesaker?
Levande distrikt, at folk skal ha tilgang til gode tenester der dei bur.

Kva er sosialisme for deg?
Eit rettferdig samfunn der hensynet til mennesker går foran kapitalinteressene til eliten.


Om du blei statsminister i morgon, kva ville ha vore det fyrste du gjorde?

Innført leksefri skule.


Kva meiner du er det viktigaste Raudt har fått til i Hordaland fylkesting i dag?
Faste psykologstillingar i vidaregåande skule.

Kva tiltak eller løft skulle du gjerne ha sett gjennomført for den vidaregåande skulen i Vestland?

Skulle gjerne sett ei satsing på dei små lokale vidaregåande skulene I distrikta.

Kva meiner du er det viktigaste tiltaket Vestland kan gjere for å gå i riktig retning mot det grøne skiftet?

Ei økt satsning på grønn industri.

Er Raudt eit distriktsparti, i så fall kvifor?

Raudt kjemper mot sentralisering, mot tvangssamanslåing og for tilbod i distrikta, og difor er Raudt eit distriktsparti.

Kva vil du gjere for å styrke kulturtilbodet til barn og unge i Vestland?
Støtte til idretts- og kulturarrangement i distrikta, noko som kan føre til at ungdom - og spesielt unge kvinner - startar med musikk, får ei scene og ein plattform der dei kan utvikle sine talent.

Kva er din favorittplass i Hordaland eller Sogn og Fjordane?
Lerøy i Austrheim kommune.

Kva er din favorittlåt av ein artist/band frå Vestland?

I kveld av Kurt Nilsen.

Heilt til sist, kan du fortelle ei morosam historie eller fun fact om deg sjølv?

Eg er sertifisert swinginstruktør, men har ikkje halde kurs på mange år.