Møt kandidatane - Einar Rysjedal
Vi fortsett med presentasjonen av våre toppkandidatar i Raudt Vestland. I dag er det tid for å bli betre kjend med 6. kandidat Einar Rysjedal. Han stiller til val fordi han ynskjer å bekjempe klasseforskjellane og økonomisk vekst på kostnad av miljø.
Kva for kommune representerer du?
Høyanger.
Kor gamal er du?
64 år.
Kva driv du med til vanleg?
Organisasjonsarbeid (fagrørsla og Raudt) og friluftsliv.
Har du tidlegare erfaring frå fylkestingspolitikk?
Ja, 1988-91.
Kvifor stiller du til val for Raudt?
For å bekjempe klasseforskjellane og økonomisk vekst på kostnad av miljø.
Kva er dine hjartesaker?
Kampen mot vindkrafta si øydelegging av naturlandskap og arbeidsplassane i kraftkrevjande industri.
Kva er sosialisme for deg?
Eit folkestyre av arbeids- og samfunnsliv slik at unaturlege forskjellar (klasseforskjellar m.fl.) kan utviskast.
Om du blei statsminister i morgon, kva ville ha vore det fyrste du gjorde?Seie opp EØS-avtalen for å få tilbake nasjonal sjølvråderett til sjølv å bestemme utviklinga i landet vårt.
Kva tiltak eller løft skulle du gjerne ha sett gjennomført for den vidaregåande skulen i Vestland?
Oppretthalde dei mindre skulane – om nødvendig på kostnad av dei store i regionssentraene og byane.
Kva meiner du er det viktigaste tiltaket Vestland kan gjere for å gå i riktig retning mot det grøne skiftet?
Bruke Oljefondet til å byggje opp arbeidsplassar baset på lokale ressursar inkl. vasskraft som i mindre grad må avgrensast.
Er Raudt eit distriktsparti, i så fall kvifor?
Fordi vi vil ha økonomiske tilbakeføringar frå staten som i større grad kompenserer for det som er av økonomiske ekstrakostnader utanfor folkerike sentra.
Kva vil du gjere for å styrke kulturtilbodet til barn og unge i Vestland?
All- eller fleirsidige kulturskular i alle kommunar – ev. i interkommunalt samarbeid der kommunane faktisk er for små.
Kva er din favorittplass i Hordaland eller Sogn og Fjordane?
Høyanger.
Kva er din favorittlåt av ein artist/band frå Vestland?
Internasjonalen spelt av Fagforeningens Musikklag i Høyanger.
Heilt til sist, kan du fortelle ei morosam historie eller fun fact om deg sjølv?Den historia gjer seg best om andre fortel!