Møt kandidatane - Anders Hamre Sveen

I tida framover presenterer vi toppkandidatane til Raudt Vestland. I dag er turen komen til 4. kandidat Anders Hamre Sveen frå stryn, som vil jobbe mot sosial dumping i arbeidslivet og bekjempe fattigdom.

1. kandidat Jeanette Syversen og 4. kandidat Anders Hamre Sveen. Foto: Magne Hagesæter.

Kva for kommune representerer du?
Stryn.

Kor gamal er du?
35 år.

Kva driv du med til vanleg?
Eg arbeidar som barnehagelærar.

Kva er du aller best til?
Eg er aller best til å teikne.

Har du tidlegare erfaring frå fylkestingspolitikk?
Nei.

Kvifor stiller du til val for Raudt?
Fordi eg meinar at Raudt er det mest antiautoritære partiet, som står for ein politikk som ville gjere samfunnet mykje meir demokratisk og mykje meir rettvist. Det er òg fordi Raudt er det partiet som i størst grad tek omsyn til dei med lågast inntekt.

Kva er dine hjartesaker?
Det å få Noreg ut av EØS, kampen mot sosial dumping i arbeidslivet, kampen mot fattigdom, det å få på plass den nødvendige omstillinga som gjer at vi til slutt kan slutte å nytte ikkje-fornybare, fossile energikjelde og det å få Noreg til å slutte med å delta i USA sine krigsherjingar i Asia og Afrika.

Kva er sosialisme for deg?
Det er for meg eit politisk og økonomisk system der kapitalismen har vorte avskaffa gjennom ein fullstendig demokratisering av økonomi og arbeidsliv der alle arbeidsplassar er eigd og styrt, anten av den eller dei som gjer det nødvendige arbeidet på denne arbeidsplassen, eller av lokalsamfunnet eller storsamfunnet der arbeidsplassen ligg. I tillegg så er dette eit system der naturressursane er felles eigd og demokratisk forvalta, og der dei politiske rettane som ytringsfridom, organisasjonsretten, streikeretten, demonstrasjonsretten og pressefridommen er sikra, og alle sentrale avgjersle er demokratisk forankra anten gjennom val eller folkerøystingar.


Om du blei statsminister i morgon, kva ville ha vore det fyrste du gjorde?
Eg hadde henta alle norske soldatar som no er plassert i utlandet heim til Noreg, og sendt alle utanlandske soldatar som er plassert i Noreg ut av landet, for så å starte med arbeidet med å melde Noreg ut av NATO.

Kva meiner du er det viktigaste Raudt har fått til i Hordaland fylkesting i dag?

Det var når Raudt sikra faste stillingar til Psykologteamet i Hordaland.


Kva tiltak eller løft skulle du gjerne ha sett gjennomført for den vidaregåande skulen i Vestland?
At dei vidaregåande skulene satsa meir på skulebiblioteka sine.


Kva meiner du er det viktigaste tiltaket Vestland kan gjere for å gå i riktig retning mot det grøne skiftet?

Det er å få på plass eit betre og billegare busstilbod, slik at fleire reiser kan takast kollektivt. Ideelt så bør det då vere snakk om elbussar, og noko av den krafta som trengs kan sikrast gjennom å stanse krafteksporten òg oppgradere eksisterande vasskraftverk.

Er Raudt eit distriktsparti, i så fall kvifor?

Raudt er heilt klart eit distriktsparti. Det syner mellom anna att i landbrukspolitikken vår, vår heilhjarta stønad til lokalsjukehusaksjonistane rundt omkring i Noreg og Raudt sin klare motstand mot tvangssamanslåing av kommunar, mot samanslåing av kommunar utan folkerøysting og mot samanslåing av kommunar der eit folkerøystingsresultat har gått imot ei slik samanslåing.

Kva vil du gjere for å styrke kulturtilbodet til barn og unge i Vestland?
Styrke fylkesbiblioteket sitt utviklingsarbeid med biblioteka i Vestland, opppretthalde og utvide bokbåttilbodet Epos til å dekke heile Vestland, lage eit kulturkort for ungdom mellom 13 og 18 år og arbeide for fylkeskommunal stønad til idretts- og kulturarrangement i distrikta.

Kva er din favorittplass i Hordaland eller Sogn og Fjordane?
Flo skue. Det er ein utkikksplass på ein turløype i eit skogsområde i Stryn, i nærleiken av blåbærlyng.

Kva er din favorittlåt av ein artist/band frå Vestland?

Selmas sang av Eva Weel Skram.

Heilt til sist, kan du fortelle ei morosam historie eller fun fact om deg sjølv?
Eg har kutta sukkerrøyr på eit småbruk på Cuba.