Kun Raudt og SV vil gje elevane gyldig miljøstreikfråver

Raudt ville støtte elevane sin streik for miljøet - fekk kun støtte av SV.

Den siste tida har vi sett store elevstreikar for miljøsaken i fleire land. Også her i Noreg har elevar slutta opp om dette. Raudt er svært glad for at ungdommen engasjerar seg i denne viktige saka!

Difor fremma Raudt Hordaland, den 13.03, eit forslag i utval for helse og opplæring om at deltaking i slike streikar skal vere gyldig fråver, på lik line med politisk aktivitet eller førarkortopplæring.

Vi regna med breid oppslutning om dette, men kun SV støtta oss. Fleirtallet av Ap/KrF/MDG/Sp/H/V/Frp stemte forslaget ned. Mest overraskande var det kanskje at MDG stemte mot.

Raudt Hordaland voner at den manglande politiske støtta frå dei andre partia ikkje vil svekke ungdommens vilje til å kjempe for ei mer miljøvenleg framtid for oss alle!