Likestillig i idretten
Når eit parti er representert på fylkestinget sit også representantane i ulike utval. Terje Kollbotn representerer Raudt i "Hovudutval for kultur, idrett og integrering". I dag har han stilt fylkesdirektøren for dette området spørsmål om likestilling i idretten og korleis fylket kan følge dette opp - fordi eit likestilt idrettssamfunn på alle nivå er eit trygt og rettferdig idrettssamfunn! Spørsmåla og svara les du i denne saka.
I høve dei skriftelge spørsmåla (sjå under), framma Raudt også eit framlegg til vedtak i saka om tilskot til nasjonale og internasjonale meisterskap i fylket:
"Hovedutval for kultur, idrett og integrering set som eit vilkår for tilskota at arrangørane skal leggje vekt på likestilling i arrangementsopplegg og premiering. Utvalet vil be om ei kortfatta oppsummering av arrangementa, der likestillingsprofilen og er dokumentert."
Dette vart vedteke med 13 mot 1 røyst!
Skriftlege spørsmål om likestilling i idretten og arrangementstilskot til større nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap.
Idrettslag og særforbund kan søkje Vestland fylkeskommune om tilskot til junior- og seniormeisterskap som skapar engasjement, samhald, motivasjon til idrettsleg satsing og positive ringverknader for næringslivet. Aktuelle søkjarar er mellom andre idrettslag med adresse i Vestland.
I retningslinene for søknad om tilskot til slike arrangement er det formulert ulike kriterier for vurdering av søknaden, mellom anna er det eit krav at arrangør har ein klår og tydeleg miljøprofil og krav om kommunal medveknad. I søknadskriteria er det ikkje nemnt likestillingsprofil.
Mykje har skjedd sidan 1979 då FN sin kvinnekonvensjon blei vedtatt av FN si generalforsamling, og i ettertid er det mange land som har tatt grep mot kjønnsdiskriminering. I dag er det framleis vesentleg kjønnsdiskriminering mellom kvinner og menn innan idretten. Idrettsforbundet har til dømes mål om å auke andelen kvinneleg medlemsskap, kvinnelege dommarar og kvinnelege trenarar for å nemne noko.
Den siste tida har det vore fokus på diskriminering av kvinner når det gjeld mellom anna pengepremiar og skiflyging. Andre områder ein ser diskriminering er mellom anna kleskode, innan enkelte idrettar må kvinner framleis gå lettkledde. Ei anna bekymring innan idretten er omfang av seksuell trakassering og overgrep (gjeld begge kjønn). Det er med andre ord langt igjen til at det er full likestilling innan idretten. Den viktigaste arbeidet fram mot full likestilling er det sjølvsagt særforbunda sjølv som må stå for, men andre aktørar kan og bør vere med å påverke. Vestland fylkeskommune må ved revidering avtilskotsordningar til idrettsarrangement presisere likestillingsperspektivet.
Eit likestilt idrettssamfunn på alle nivå er eit trygt og rettferdig idrettssamfunn!
Spørsmål 1: Støttar utvalsleiaren desse vurderingane om eit likestilt idrettsamfunn på alle nivå i Vestland fylke?
Svar: Utvalsleiaren ynskjer eit likestilt og inkluderande idrettssamfunn på alle nivå i Vestland fylke. Idretten skal vere ein arena som er open for alle uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, legning, funksjonsnivå og sosioøkonomisk status. Det er viktig at vi sikrar at alle som ynskjer skal kunne delta i idretten, på like vilkår og i trygge rammer som er fri for ein kvar form for diskriminering eller skeivfordeling.
Spørsmål 2: Kan utvalet / fylkeskommunen krevje at eventuelle pengepremiar er likestilte for kvinner og menn ved tildeling av tilskot til idrettsarrangement?
Svar: Det er hovudutvalet som vedtek retningslinjer for tilskotsordninga for tilskot til idrettsarrangement. Kriteria som ligg til grunn for ordninga per i dag vart vedteke av utvalet den 02.12.19 i PS 8/2019. Om utvalet ynskjer å vurdere retningslinjene på nytt, for eventuelt å kunne inkludere likestilling som ein del av vurderingsgrunnlaget i tilskotsordninga, kan ein be fylkesdirektøren utarbeide ei politisk sak på det. I ei slik sak vil ein også kunne vurdere andre delar av vurderingsgrunnlaget, m.a. knytt til inkludering. Dette gjeld også for andre tilskotsordningar der hovudutvalet vedtek retningslinene.
Spørsmål 3: Korleis kan utvalet / fylkeskommunen legge betre til rette for likestilling innan idretten?
Svar: Hovudutval for kultur, idrett og inkludering kan vedta kriteria som bidreg til å sikre likestilling i idretten i ulike tilskotsordningar. Tilskotsordninga for arrangement er nemnd, men ein kan også nemne ordninga med utviklingsstipend til unge idrettsutøvarar.
Fylkeskommunen samarbeider tett med Vestland idrettskrets og Idrettsklynge Vest på fleire viktige områder m.a. likestilling og inkludering. Idrettskretsen driv m.a. nettverket «Balanse», som arbeider for å få fleire kvinner med i idretten, kurs om tilrettelegging for paraidrett, og kampanjen #STOPP, som arbeider for å førebygge rasisme, kjønnshets og andre former for diskriminering. Idrettsklynge Vest arbeider for å skape møteplassar for samhandling på tvers av dei deltakande organisasjonane. Eit døme er prosjektet «Knutepunktet» som m.a. har skapt ein nettressurs som skal hjelpe alle som arbeider med inkludering og tilrettelegging for idrett og fysisk aktivitet for barn og unge.
I fylkeskommunen sitt prosjekt nyskapande aktivitetsanlegg, er fokus å skape innovativ anleggsutvikling i kommunane basert på m.a. kunnskap. Ein viktig del av dette kunnskapsgrunnlaget handlar om å legge til rette for jenter – for tradisjonelt sett appellerer aktivitetsanlegg mest til gutar. Denne satsinga ser fylkesdirektøren også som viktig i eit heilskapleg perspektiv på likestilling og inkludering.
Fylkesdirektøren arbeider også kontinuerleg for å ha balanse mellom kjønn når det gjeld føredragshaldarar på ulike kurs og konferansar som fylkeskommunen bidreg på, også innanfor idrett og friluftslivsfeltet.
Foto: Magne Hagesæter.