Vikariat/engasjement som regions-/fylkessekretær hjå Raudt Hordaland

Raudt Hordaland har ledig vikariat/engasjement som regions-/fylkessekretær i til saman 100 % stilling, frå snarast/medio mars til 31. oktober 2023

Raudt Hordaland søkjer etter vikar for regionssekretær som har permisjon til 31. oktober 2023. Samstundes ynskjer Raudt Hordaland å styrke sin organisatoriske innsats fram mot valet i 2023 ved å tilsette fylkessekretær i resten av stillinga.

Vikariatet for regionssekretær utgjer 60% stilling, og har Hordaland som arbeidsområde. Det er ynskjeleg at vikaren kan tiltre snarleg i 60% stillinga. Resterande 40% stilling er eit tidsavgrensa engasjement fram til valet 2023, og må vedtakast på Raudt Hordaland sitt årsmøte 13. mars før tilsetting og tiltreding.

Raudt er i rask vekst, og sekretæren skal bidra til å styrke og utvikle partiet i heile Hordaland. Sekretæren skal arbeide tett på distriktsstyret og vera ein ressurs for medlemmar og for lokallaga.

Arbeidsoppgåver:

  • Vera sekretær for distriktsstyret
  • Halde kontakt med lokallaga
  • Koordinere arrangement
  • Arbeide med presseutspel
  • Samarbeide med folkevalde i Raudt
  • Delta på sentrale samlingar for tilsette i Raudt
  • Delta i valkamparbeidet i 2023

Vi ser etter ein person med god organisatorisk teft og politisk erfaring. Kjennskap til Raudt sin organisasjon og politikk er ein stor fordel. Datakunnskap og førarkort blir også vektlagt. Sekretæren bør ha evne til å arbeide sjølvstendig, gode samarbeidsevner, og kunne uttrykke seg godt skriftleg og munnleg. Raudt Hordaland nyttar nynorsk som arbeidsspråk.

Arbeidsstad er Raudt sitt partikontor i Bergen, i Hans Tanks gate 17. Ein må rekne med noko reiseverksemd og møter på kveldstid.

Lønns- og arbeidsvilkår er etter tariffavtale for Handel og Kontor. Raudt sentralt (Oslo) er arbeidsgjevar, medan ein av dei tillitsvalde i arbeidsutvalet for Raudt Hordaland vil ha leiaransvar i det daglege.

Søknadsfrist: 15.februar.

Tiltreding snarast eller etter avtale.

Søknad med CV sendast til hordaland@raudt.no.

Spørsmål om stillinga kan rettast på e-post til Raudt Hordaland, ved fylkesleiar Rose Maiken Flatmo rose.maiken.flatmo@outlook.com eller økonomiansvarleg Frank Mo hordaland@raudt.no.

Om regionssekretærstillingane i Raudt

Regionssekretærstillingane i Raudt er oppretta av Raudt sentralt (Oslo) og vert i hovudsak finansiert av Raudt sentralt. Dei vert rekna som ein del av den sentrale staben og deltek på sentrale samlingar for dei tilsette, jobbar på arrangement i regi av Raudt sentralt og bidreg i partiet sitt heilskaplege arbeid. Det formelle arbeidsgjevaransvaret ligg sentralt, hjå partisekretæren.

I det daglege har regionssekretæren sitt virke lokalt, og det daglege arbeidsleiaransvaret ligg difor lokalt. Det skal vera avklåra kven i fylkes-/distriktsstyret som er regionssekretæren sin næraste leiar.

For å dekkje regionane geografisk, og samstundes leggja til rette for heiltidsstillingar, er det mogeleg å dela opp finansieringa mellom sentralt og lokalt. Den lokale finansieringa må då vera stabil, for å sikra langvarige og føreseielege tilsettingar.

Formål

Tilsetting av regionssekretær skal utløyse meir aktivitet i lokallaga i fylket eller regionen. Regionssekretærane skal difor prioritera tiltak for utvikling og bygging av organisasjonen, ved å hjelpe med å starte nye lokallag, stille lister, lage arrangement, osb. Når sekretæren er tilsett i heil stilling er det også aktuelt å gjera administrative arbeidsoppgåver knytt til fylkes-/distriktsstyret sitt arbeid, som t.d. å skrive referat og innkallingar. Innan regionen bør ein drøfta kva organisasjonen treng mest, og laga ei prioritert liste over arbeidsoppgåver.