KVA MEINER SP OM VESTLAND FYLKE?

15.oktober skal det nye Vestland fylkesting bli konstituert i Bergen. Raudt Vestland vil utfordre Senterpartiet sin fylkesordførarkandidat Jon Askeland til å uttale seg klart og konsist om kva Sp og fleirtalspartia eigentleg meiner om framtida for Vestland fylke.

Leiaren i Sogn og Fjordane Sp, Sigurd Reksnes, vil dele opp Vestland i to sjølvstendige fylke. Senterpartiet har dessverre gitt sin stønad til denne fylkessamanslåinga, både i Hordaland fylkesting og Sogn og Fjordane fylkesting. Raudt har vore mot regionreforma og fylkessamanslåinga frå dag ein, og røysta imot denne fylkessamanslåinga ved alle høve. Dersom Senterpartiet no kjem på betre tankar, så er det berre positivt.

I Dagsavisen kan ein no lese at òg SV vurderer å gå inn for å dele opp Vestland. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier at Sp vil stø ein eventuell søknad om skilsmisse frå Vestland i Stortinget. No må Vestland Sp og Vestland SV, og resten av partia i storkoalisjonen som har fleirtal i det framtidige Vestland fylkesting, klargjere om dei har tenkt å halde fram i det politiske blindsporet dei har forvilla seg inn i, eller om dei har tenkt til å høyre på Reksnes og snu i denne saka.

I oktober 2018 fremja Raudt eit framlegg på Stortinget om å stanse fylkessamanslåinga. Framlegget vart dessverre røysta ned. No er det viktig at så mange som mogleg i både Hordaland og Sogn og Fjordane aktivt synar sin motstand mot den særs lite hensiktsmessige eininga som har fått namnet Vestland. Dette er etter Raudt sitt syn ei sentraliseringsreform, som vil føre til kutt i tenester på ei rekkje fylkeskommunale felt.

I Viken har det nye politiske fleirtalet etter fylkestingsvalet der gått inn for ei oppløysing av denne nye regionen. Vi oppmodar alle politikarar i Vestland til å ta lærdom av dette, og følgje eksempelet til fleirtalspartia i Viken. Vestland må snarast mogleg delast i to, slik at vi får tilbake Hordaland og Sogn og Fjordane som to sjølvstendige fylke.

Jeanette Onarheim Syversen, fylkestingsgruppeleiar for Raudt Vestland
Bergen

Terje Kollbotn, fylkestingsrepresentant for Raudt Vestland
Ullensvang

Ingeborg Hordvik, 1. vara til fylkestingsgruppa til Raudt Vestland
Austrheim

Anders Hamre Sveen, 2. vara til fylkestingsgruppa til Raudt Vestland
Stryn

Erica Restoften, 3. vara til fylkestingsgruppa til Raudt Vestland
Bergen

Einar Ove Rysjedal, 4. vara til fylkestingsgruppa til Raudt Vestland
Høyanger

Bente Kristin Øien Hauge, 5. vara til fylkestingsgruppa til Raudt Vestland
Lærdal