Krafta er vår
Eit samrøystes distriktsårsmøte vedtok fråsegna "Krafta er vår". Sju plassar i Hordaland markerast Raudt sin nasjonale aksjonsdag om straumprisar laurdag 19. mars
Raudt har landsomfattande aksjonsdag for billegare straum laurdag 19. mars. I Hordaland skjer dette:
- Bergen
- Stand på Oasen: 13-14
- Stand på Støletorget 12-14
- Utdeling i Olav Kyrres gate 12-13
- Utdeling på Vestkanten 12-13
- Utdeling på Danmarks Plass 12-13
- Utdeling ved Vitalitetssenteret 12-13
- Osterøy
- Stand i Lonevåg 12-14
- Ullensvang
- Ope møte på LO-huset i Odda med Terje Kollbotn 12-13
- Stand i gågata i Odda 13-15
Fråsegn: Krafta er vår!
Distriktsårsmøtet i Raudt Hordaland støttar fullt ut kravet frå Industriaksjonen og LO sin lokalorganisasjonar om politisk kontroll over energipolitikken. Dette betyr etter vårt syn både ein makspris på straum på 35 øre per kWt på vanleg forbruk og streng regulering av utanlandskablane for å sikre forsyningstryggleik i Norge heile året.
Kraftig auke i tilskot til energieffektivisering og opprustning av eksisterande kraftverk og linjenett må prioriterast. Nye kraftlinjer må leggjast i jord, sjø eller i tunnel der dette er mogleg for å spare natur og miljø. Elektrifisering av sokkelen, vindkraft og utbyggjing av verna vassdrag vil være dyre, ressurskrevande energiløysingar som vil auke presset på naturen og drive kraftprisane opp. Dette vil Raudt kjempe imot.
Raudt Hordaland vil arbeide for at rimeleg, rein fornybar vasskraft skal vere grunnlag for miljøvenleg industriutvikling i Hordaland og resten av landet. Raudt vil difor invitere fagrørsla, miljørørsla og representantar for industrien til eit samarbeid for å utvikle ein offensiv plan for reindustrialisering og grøn industriutvikling i Hordaland.
Raudt Hordaland vil ta initiativ til å få etablert ein alternativ energikommisjon på sørvestlandet med representantar i og utanfor Raudt som skal utgreie nye løysingar for utvikling av nye grøne arbeidsplassar og forvaltning av miljøvenlege energiformer og energibruk på ulike område i vårt distrikt. Kommisjonen skal sluttføre sitt arbeid før neste distriktsårsmøte.
Samrøystes vedteke av Raudt Hordaland sitt årsmøte sundag 13. mars 2022.