Kommunalpolitisk konferanse i Odda
Raudt Ullensvang og Raudt Hordaland inviterer alle interesserte i Raudt til Kommunalpolitisk konferanse i Odda laurdag 21.september 2024 og folkevaldsamling søndag 22. september 2024. Konferansen sitt mål er å styrke og Raudt sitt kommunestyre- og fylkestingsarbeid på Vestlandet, og knyte dette tettere til Raudt sitt arbeid på Stortinget og partiets øvrige virke.
På konferansen vil det bli lagt stor vekt på å utveksle gode erfaringar med å reise aktuelle saker, utvikle politikk og forslag , mobilisere, mediaarbeid, fagleg-politisk samarbeid og samarbeidsformer med andre parti og representantar.
Det blir og eit tema om kommuneøkonomi og korleis budsjettarbeidet til Raudt kan gjerast enno betre.
Konferansen vil finne stad i Kommunestyresalen i Ullensvang Rådhus i Odda laurdag 21.september kl. 11.00 – 17.00. Kursleiarar er kommunestyrerepresentantane Lisa Karine Haugland og Terje Kollbotn i Raudt Ullensvang.
PROGRAM LAURDAG:
10:00: Innsjekking, enkel servering og mingling på LO-huset i Odda!
11:00: Velkomstord i Kommunestyresalen i Rådhuset og presentasjon av program og deltakarar ved leiar i Raudt Ullensvang, Lisa Karine Haugland.
11:15: Mål og meining med Raudt sitt folkevaldarbeid, ved leiar i kommunestyregruppa i Raudt Ullensvang, Terje Kollbotn. Spørsmål og diskusjon.
12:00: Pause.
12:15: Ny i kommunestyret – noen lærdomar. Korte innleiingar ved Vidar Våde (første RV-representant i Odda kommunestyre i 1975) og Lisa Karine Haugland (ny kommunestyrerepresentant i Ullensvang i 2023). Erfaringsutveksling frå andre kommunestyrerepresentantar.
13:00: Kommuneøkonomi og budsjettarbeid – noen utfordringar for Raudt. Innleiing ved Torstein Dahle, leiar i Raudt Hordaland og bystyrerepresentant i Bergen. Korte spørsmål og kommentarer.
13:30: Enkel lunsj
14:00: Korleis knyte kommunestyrearbeidet betre saman med fylkestingsarbeidet, fagleg-politisk arbeid og øvrig partiarbeid. Innleiing ved Jeanette Syversen, gruppeleiar i Vestland fylkesting og Sofie Marhaug, stortingsrepresentant for Raudt Hordaland og nestleiar i Raudt.Diskusjon og konklusjon.
14:45 Pause.
15:00: Korleis setje dagsorden og få fleirtal i kommunestyret og fylkestinga? Presentasjon av gode lokale døme frå Raudt sine kommunestyre- og fylkestingsgrupper.
15:45: Pause.
16:00: Noen aktuelle politiske saker å løfte fram i fellesskap i kommunestyra, i fylkestinga og på Stortinget i 2024-2025!
16:45: Oppsummering og evaluering av konferansen.
17:00: Slutt.
Program Søndag:
Kommunebudsjettet i folkets teneste
Denne dagen skal vi fordjupe oss i kommunebudsjettet. Budsjettmøtet på hausten er kanskje det viktigaste møtet gjennom året i kommunestyret. Her legg vi rammar for alt som skal skje det neste året. Likevel kjennest budsjettarbeidet ofte slitsamt. Vi har tronge rammer, det er store, ofte uoversiktelige tal og vanskeleg å vite kvar vi skal ta kampen. Denne dagen delar vi erfaringar og hjelper kvarandre med å gjere budsjettarbeidet meiningsfylt og til eit verktøy for å fremja politikken til Raudt, som t.d. kampen mot forskjells-Noreg, tiltak for ungdom, og gode klima & miljø-tiltak.
Hovedinnleiarar: Torstein Dahle og Geir Oldeide
I tillegg vil mellom anna Morten Halvorsen dela nokre av erfaringane sine frå budsjettarbeid!
10:00: Velkommen og presentasjon
10:10: Kommuneøkonomien. Status og utvikling for kommuneøkonomien i Noreg (og nokre døme frå kommunar i Vestland) ved Torstein Dahle
11:00: Pause
11:10: Regelverk og rammer for budsjettarbeidet ved Torstein Dahle
11:30: Gruppediskusjon. Tema: Kva bør vi endre i dagens finansieringssystem for kommunar? Er det mogeleg og ønskeleg å reise eit kommuneopprør?
12:00: Lunsj
12:30: Korleis jobbar vi lokalt med budsjett? ved Geir Oldeide
13:30: Pause
13:45: Panelprat med mellom anna Torstein Dahle, Lisa Karine Haugland, Morten Halvorsen og Geir Oldeide
PRAKTISK INFO:
Innsjekking og enkel servering på LO-huset i Odda (rett aust for Rådhuset) kl. 10.00-10.50.Parkeringsplass og busstopp er mellom Rådhuset og LO-huset.
Deltakarane kan søkje lokallaget og /eller distriktslaget / fylkeslaget om reisestøtte. Deltakarane betalar kr. 100 for brødmat, frukt og kaffi / te ved frammøte!
Overnatting: Treng du overnatting i Odda, så ta kontakt med Lisa Karine Haugland, lisakarineh@gmail.com (tlf.91535189) snarast og seinast 7. september
Sosialt: Det er bluesfestival i Odda denne helga, og deltakarane samlast i godt lag med god musikk.
Påmeldingsfrist på epost innan søndag 15. september til kursleiarane: lisakarineh@gmail.com (tlf.91535189) og terje.kollbotn@gmail.com (tlf. 97194073).