Grunngjeve spørsmål til Hordaland fylkesting 2. og 3. oktober 2018 om Bybanen / Keolis.

Dette spørsmålet stiller Terje Kollbotn på onsdag den 3. oktober i fylkestinget.

Fleirtalet i Hordaland fylkesting gjekk inn for på nytt å konkurranseutsetje Bybanen i Bergen, i staden for ein modell i eigenregi.

I slutten av august melder BA og andre media at det fransk-eigde Keolis har teikna ny kontrakt om drift av Bybanen, som er 100 % eigd av fylkeskommunen.

Samstundes melder media at Keolis regnar med eit stort overskot, samnstundes som sjåførar ikkje lenger har tid til å gå på toalett i arbeidstida, og riskikerer å pisse i buksa.

På dette grunnlag ber eg fylkesordføraren om å svare på fylgjande spørsmål:

1. Har den nye kontrakten med Keolis blitt dyrare eller rimelegare for fylkeskommunen?

2. Kor mange andre firma tok del i anbodsprosessen og kor langt unna låg dei i pris i forhold til Keolis?

3. Korleis er løns- og arbeidstilhøva (inkludert arbeidstid og pauser) og pensjonsrettar for dei tilsette fastsatt og regulert i den nye kontrakten med Keolis?

Terje Kollbotn (gruppeleiar Raudt Hordaland)

Følg gjerne Fylkestingsmøtet på fylkeskommunen sitt nett-tv.