Kandidatpresentasjon: Sofie, Sunniva og Lars

Den siste tida har vi presentert stortingskandidatane våre her på nettsida. I dag har turen kome til dei tre siste av totalt 22 kandidatar. Raudt Hordaland er stolte av at lista vår består av menneske med brei bakgrunn og erfaring, og med hjarte for ulike fagfelt. I dag skal du få bli betre kjend med Lars Vassenden frå Øygarden, Sunniva Andresdottir Vik som er leiar for Bergen Raud Ungdom, og ikkje minst Sofie Marhaug som er vår fyrstekandidat.

Foto: Lars Vassenden

Lars Vassenden bur i Øygarden, der han jobbar innan renovasjon. Han sit i kontrullutvalet og er seksjonsleiar og styremedlem i Fagforbundet. Lars er oppteken av at offentlege tenester skal vera driven i eigaregi, eit ryddig og organisert arbeidsliv, heiltidskultur, aktiv medverknad og varslarvern. - Transparens er viktig for tillitt til offentleg forvaltning!

Foto: Sunniva Andresdottir Vik.

På 5. plass på stortingslista vår, finn vi Sunniva Andresdottir Vik. Sunniva bur i Bergen og avsluttar i desse dagar sitt siste år på vidaregåande skule. Ho er leiar av Bergen Raud Ungdom, og er oppteken av ulike saker - som ofte har kapitalisme som årask.

- Jeg brenner for en skole for alle, en skole som ikke bare har lav drop-out-statistikk, men en skole man VIL fullføre. En skole man trives på, og der nysgjerrighet og engasjement blir bevart. En skole fri for urettferdige vurderinger og stressfaktorer som eksamen. En skole som bygger på tillit mellom lærer og en elev, en skole uten fraværsgrensen. En skole som alle har råd til å gå på, der utstyrsstipendet dekker de reelle utgiftene. Jeg fullfører videregående nå, som alle andre elever jeg har kjent disse problemene på kroppen. Hør på oss elever, lag en skole for alle!

Foto: Sofie Marhaug

På topp av vallista vår har vi Sofie Marhaug, som er gruppeleiar for Raudt i bystyret i Bergen, i tillegg jobbar ho på universitetet. Som folkevald har Sofie jobba mykje med barn og oppvekst, men vart fyrst politisk aktiv grunna Irak- og Afghanistan-krigane. Elles er Sofie oppteken av feminisme og å kjempe mot ulikskap og mot profitt i velferden - og er klar til å fronte all Raudt-politikk, både i valkampen og vidare. Vi vonar sjølvsagt det blir frå Stortinget sin talerstol frå hausten av!