Kandidatpresentasjon: kampen mot Forskjells-Noreg
Dei neste vekene vil vi presentere alle våre 22 stortingskandidatar her på nettsida. Vi har ei liste med kandidatar med brei bakgrunn og erfaring, og med hjarte for ulike fagfelt. I dag er det duka for kandidatar som står i front i kampen mot Forskjells-Noreg.
Kampen mot Forskjells-Noreg er Raudt sin viktigaste sak. Dette handlar om både ulikskap mellom rik og fattig, mellom by og land, men også den ulikskapen vi møter i i kvardagen basert på kjønn, legning, funksjonsnivå eller psykiske helse.
Gaute Lund er IT-konsulent, folkevald for felleslista mellom Raudt og SV i Kvinnherad, og er Raudt Hordaland sin 11. kandidat til årets Stortingsval. Gaute har vore med i Raudt/RV sidan 1991, og brenn ekstra for miljø, samferdsel, samfunnsutvikling og rettferdig fordeling. Han sit også i styret til Kvinnherad Mållag, og har lang fartstid frå ulike organisasjonar som m.a. Framtiden i våre Hender og Foreningen FRI.
Raudt Hordaland sin 12. kandidat er Chiku Ali. Chiku har lang fartstid frå Raudt og RV. Ho sat i bystyret i perioden 1995-2005 og gjorde comeback i lokalpolitikken i 2019. Til dagleg jobbar Chiku med rådgjeving innafor kultursensitive tema, i tillegg til å drive ein kulturkafé. Blant hennar hjartesaker finn vi førebygging av psykisk uhelse, tilgang på psykiske hesletenester og sjølvmordsførebygging.
På 17.plass finn vi Alexander Petersen. Alexander er aktiv i Raudt sitt studentlaget i Bergen og studerer master i engelsk lingvistikk. Utanom Raudt engasjerer han seg i Norges Handikapforbund og er svært oppteken av funskjonshemma sin rettigheitskamp.
Ivar Jørdre frå Rødt Bergen Vest, er vår 19. kandidat. Ivar er utdanna innafor kunsthistorie og arkeologi, og har vore aktivt utøvande kunstnar i over 40 år. Han er aktiv i ulike organisasjoner og rørsler for internasjonal solidaritet og anti-krig, og er også oppteken av klima, ruspolitikk og universell utforming.
På 13. plass på vallista vår finn vi Anastasia Garbar. Ho er helse- og omsorgsarbeidar i Bergen kommune, og er oppteken av betre tilbod og rettigheiter til utviklingshemma og lønsløft for kvinnedominerte yrker. Anastasia har lang fartstid i diverse kultur- og studentorganisasjonar, og brenn for betre vilkår for kulturarbeidarar, samt studentpolitikk. Utan om jobb og politiske verv, skriv ho master i litteraturvitskap ved UiB, og har utdanning innan kunst, kultur og kjønn. Dei største hjartesakene hennar er feminisme, rettigheiter til LHBTQ+ og minoritetar, klimakamp og dyrerettigheiter.
Foto forsidebilete. Brage Aaronsen.