Kandidatpresentasjon: Silje Paulsen, Sindre J. T. Måge og Mailiss Solheim-Åkerblom

Dei neste vekene vil vi presentere alle våre 22 stortingskandidatar her på nettsida. Vi har ei liste med kandidatar med brei bakgrunn og erfaring, og med hjarte for ulike fagfelt. Denne veka skal vi bli betre kjend med nokre av våre folk som kjempar for rettferdig miljøpolitikk.

For Raudt er det heilt avgjerande at miljøpolitikken er rettferdig. Kapitalismen og det evige jaget etter auka forbruk og profitt på ein klode med avgrensa ressursar er ikkje mogleg. Det verda treng er altså ei systemendring, der vi speler på lag med naturressursane og jorda si tolegrense. Å klare dette er ei oppgåve som må løysast i fellesskap, og for å klare det er vi heilt avhengig av at miljøpolitikken er rettferdig. Dei som forbrukar mest må kutte mest, og tiltaka må bidra til mindre ulikskap heller enn å auke forskjellane mellom folks lommebok eller mellom by og land. Fordi fellesskap fungerer!

I dag skal vi bli betre kjend med Silje Paulsen frå Askøy, Sindre J. T. Måge frå Ullensvang og Mailiss Solheim-Åkerblom frå Bergen.

Silje Paulsen er 16. kandidat på Raudt Hordaland si valliste til stortingsvalet. Ho er aktiv i både Raud Ungdom og Raudt og vart i januar vald til ny leiar for Raudt Askøy, der ho også bur. I dag studerer ho kinesisk på Universitetet i Bergen og er elles oppteken av klima, miljø og studentar sine rettar.

Ei av sakene Silje jobbar med i desse dagar er å seie nei til monstercruiseturismen som er planlagt på Askøy. I dette innlegget (for abonnentar) fortel ho og 1. kandidat Sofie Marhaug om kvifor dette er ein dårleg idé. Dei skriv m.a.:

«Rødt mener at det er en forferdelig dårlig idé å flytte monstercruisene fra Bergen til Askøy. Problemene med denne formen for turisme løses ikke ved å flytte problemet fra en kommune til en annen. Det som for Bergen fortoner seg som en «ute av syne, ute av sinn»-logikk, vil for Askøy bli en pest og en plage.»

Sindre J. T. Måge er vår 17. kandidat og hen er leiar av Raudt Ullensvang, utdanna gartnar, driv eit småbruk på fulltid, og er aktiv i Småbrukarlaget og DNT lokalt. Sindre har drive med organisasjon og politikk sida hen var 15, og har erfaring frå Press (Redd Barna sin ungdomsorganisasjon) og Slug (Nettverk for rettferdig gjeldspolitikk). Blant hjartesakene er landbruk, klimakamp, skeiv frigjering og progressiv asylpolitikk.

Her skriv Sindre litt om korleis landbruksnæringa kan bli meir miljøvenelg:

"Landbruk er i ein spanande periode. Det er mykje nytt som skjer innanfor grønt- og fruktproduksjon. SDet er også mykje engasjement rundt vidareforedling av landbruksprodukt og nytting av meir lokal og kortreist mat. Dette er utruleg positive trendar og noko me må fanga opp og sørga for at blir godt tilrettelagt for. Det meiner eg må skje gjennom at fleire bønder faktisk får ei leveleg løn, også småbrukarar, gjennom ein meir progressiv tilskotsordning, liknande noko som ein har i Sveits, også kjent som ein trappetrinsmodell. Slik at det blir lettare å jobba med og livnæra seg av dyrking og foredling.

Me må også sørga for at landbruket vårt er sjølvforsynt og samhandla. Istaden for å importera soyabasert kraftfor frå Brasil som tek knekken på kanskje verdas viktigaste økosystem, må me støtta opp om produksjon av grovfor og proteinhaldige vekstar til dyrefor nasjonalt. Vidare er det behov for å bygga opp igjen for-lager slik at me kan meir effektiv handtera kriser som tørka i 2019 (som det fort kan koma fleire av med tanke på klimaendringar) utan å vere avhengige av importerte varer. Landbruk er ein fantastisk sektor som me må fortsetta å støtta opp om. Produksjon av mat, og matesikkerheit, er ikkje noko som burde vere markedsutsatt, men ein føresetnad for eit fungerande samfunn. Me vil også minka vårt kollektive co2 avtrykk om me blir mindre avhengige av å transport og import av matvarer."

Foto: Ihne Pedersen

Mailiss Solheim-Åkerblom er leiar for Rødt Bergen og nyvald inn i Raudt sitt sentralstyre, der ho skal ha ansvar for miljø- og næringspolitikk. Ho står på 9.plass på stortingslista og har mange års fartstid frå partiet og miljørørsla, i tillegg til kulturlivet. Ho brenn ekstra for klimakampen og omstillinga frå det fossile til det fornybare samfunnet, der vi skal sikre grøne arbeidsplassar og ikkje omstille til arbeidsløyse, og ikkje minst bidra til ein meir miljøvenleg samferdselssektor med meir bane og mindre motorveg. Mailiss er også veganar og svært oppteken av dyr sine rettar.