Bli med i kampen mot forskjells-Noreg - digitalt møte

Raudt Hordaland inviterer til digitalt møte om korleis nett DU kan bli med i kampen mot forskjells-Noreg.

Det er mange som er lei av å drive møteverksemda si digitalt, og lengtar etter å ha fysiske møter att. Vi er i same båt. Men samstundes gir den nye, digitale erfaringa oss moglegheit til å ha møter som samlar medlemmar frå heile Hordaland - heilt utan å måtte reise. Difor er vi glade for å kunne invitere til digitalt velkomstmøte.

Tid: onsdag 10. juni kl. 19.00-20.30

Stad: Zoom (lenke blir delt på e-post og via Facebook-arrangement same dag)

Møtet passar for nye medlemmar, medlemmar som ynskjer å bli aktiv/meir aktiv, og for alle som berre har lyst å lære litt meir om korleis ein kan vere med i kampen mot forskjells-Noreg. I tillegg får du moglegheit til å bli litt (betre) kjend med medlemmar som bur i same region som deg.

PROGRAM FOR KVELDEN

  • Velkommen, ved Rose Maiken Flatmo (leiar i Raudt Hordaland)
  • Raudt på 1-2-3, ved Benedikte Pryneid Hansen (partisekretær i Raudt)
  • Korleis jobbe i eit lokallag, ved Raudt Askøy
  • Diskusjonsgrupper (Kva saker brenn du for? Kva har du lyst å lære meir om? Korleis kan du tenke deg å bidra i kampen mot forskjells-Noreg?)

PAUSE

  • Raudts arbeid i fylkestinget, ved Jeanette Syversen (gruppeleiar for Raudt Vestland)
  • Korleis jobbar vi saman lokalt og nasjonalt? ved Mailiss Solheim-Åkerblom (regionsekretær)
  • Tips og triks til deg utan lokallag, ved Mailiss Solheim-Åkerblom (regionsekretær)

Vi set pris på at dei som ynskjer å delta, melder seg på via dette påmeldingskjemaet, så får vi oversikt over omlag kor mange vi blir.

Vi gler oss masse til å sjå både nye og gamle fjes. Ikkje nøl med å ta kontakt med regionsekretær Mailiss Solheim-Åkerblom om du skulle ha spørsmål i forkant av møtet (mailiss@raudt.no).