Jeanette Syversen toppar lista til Raudt Vestland

På dagens felles nominasjonsmøte mellom Raudt Sogn og Fjordane og Raudt Hordaland vart Jeanette Syversen frå Bergen valt til fyrstekandidat for Raudt Vestland.

Frå venstre: Ingeborg Hordvik, Jeanette Syversen og Terje Kollbotn. Foto: Torill J.Frøise

Jeanette Syversen (34), frå Bergen har lang erfaring frå Raudt og fagrørsla, og er i dag leiar av Raudt Bergen.

- Eg ser fram til å arbeide for Raudt si hovudsak, som er kampen mot auka forskjellar. Eg skal sette rettferdig omfordeling på dagsorden. Gratis tannhelse, ein god offentleg skule og kollektivtrafikk er andre saker eg brenn for.

Jeanette ønskjer at bybanen skal eigast og driftast av fylkeskommunen, noko Raudt har jobba for i fylkestinget i inneværande periode. Vi må setje foten ned for nedlegging av av skular på bekostning av private kommersielle skular. Dessutan vil ho kjempe for at lærlinglønna skal aukast, slik vi har sett av pengar til i vårt statsbudsjett.

Andrekandidat Terje Kollbotn (67), Odda, sit i fylkestinget for Raudt i denne perioda. Han har også vore representant for Raudt og RV i fylkestinget tidlegare. I løpet av perioda har han reist ei rekkje fagleg-politiske forslag og initiativ både i fylkestinget og ulike utval som elles ikkje hadde blitt reist.

- I det nye fylkestinget ynskjer eg å halde fram å vere ei tydeleg røyst for distrikta og fagrørsla sine interesser – mot den sentraliseringa og privatiseringa som herjar i landet, uttalar Terje.

- Både kampen for vasskrafta og ein miljøvenleg nærings- og industripolitikk – mot ACER og rasering av naturen, for ras- og skredsikring, gul midtstripe og betre ferje- og kollektivtilbod – mot gigantprosjekt som bru over Bjørnafjorden (E39) – og for betre offentlege lokalsjukehus og vidaregåande skular i distrikta. Og sist, men ikkje minst, vil eg halde fram å vere ein kritisk talsmann mot den sokalla regionreforma, som vil skape større avstandar mellom fylkespolitikar og innbyggjarane og sentralisere makt og oppgåver frå distrikta.

Ingeborg Hordvik (36), er opphaveleg frå Austrheim og er leiar av lokallaget Raudt Bergen Vest, eit lag ho også var med og bygde opp. Ho har i halve perioda vore representant i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Hordaland fylkesting, og har også vore med i fylkestingsgruppa til Raudt Hordaland.

- Som oppvakse langt ute i yste Hordaland merka at det er stor grad av sentralisering i fylka våre, og dette er ei sak eg ønskjer å jobbe mot. Vi treng levande lokalsamfunn. Eg ønskjer å jobbe for distrikta og å oppretthalde og styrke dei tilboda som finns der, det vere seg vidaregåande skular, tannhelse og eit godt kollektivtibod utanfor dei store byane.

På dei neste plassane finn vi Anders Hamre Sveen frå Stryn, Erica Restoften frå Bergen og Einar Rysjedal frå Høyanger.

Vi gratulerer alle dei valde, og ser fram til ein spennande valkamp og eit brakval for Raudt!