JA til eit trygt arbeidsliv i Vestland
Vestland fylkesting er samlet og gruppeleiar Jeanette Syversen tok ordet til fylkesordfører sin tale, for å fremme fråsegn om et trygt arbeidsliv i Vestland. Om ikkje 1/3 del av fylkestinget setter seg imot, vil denne bli realitetsbehandla i morgon.
Fråsegn for eit trygt arbeidsliv i Vestland Fylkestinget Vestland 03.03.2020
Hausten 2017 streika nær 80 LO-organiserte i forbundet NNN ved Norse Production i Sund kommune (Øygarden) for den lovfesta retten til å inngå tariffavtale med arbeidsgjevar. Etter vel fire veker streik, som fekk stor merksemd og støtte frå heile landet, måtte leiinga ved Norse Production gje etter og tariffavtale vart inngått ved verksemda. Avtalen vart likevel ikkje respektert av leiinga.
I april 2018 slo leiinga ved Norse Production verksemda konkurs. Dei la skulda på dei fagorganiserte. Dei hevda m.a. at eit krav om etterbetaling av for lite utbetalt overtid hadde velta grunnlaget for vidare drift.
Tre dagar etter dette, vart Sund Laksepakkeri etablert og framleis lokaliserte i Sekkingstad AS sine lokalar. Ingen av dei fagorganiserte ved Norse Production fekk jobb i det nystifta Sund Laksepakkeri. Arbeidsmiljølova § 14-2 gir tilsette i konkursråka verksemder fortrinnsrett i nyoppretta verksemd som driv vidare med same aktivitet og same stad, slik tilfelle er for Sund Laksepakkeri. Hordaland fylkesting vedtok i Juni 2018 ein fråsegn til støtte for dei nær 80 arbeidarane som var råka av systematisk konkursrytteri og fagforeiningsknusing.
Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) gjekk til sak, på vegne av dei organiserte arbeidarane som i 2017 streika for tariffavtale. Sund laksepakkeri blei i juli 2019 dømt til å betale til saman 18,1 millioner kroner til 45 polske arbeidarar som vart nekta arbeid i laksepakkeriet fordi dei var fagorganisert.
Desse pengane vil dei aldri sjå, fordi Sund Laksepakkeri har slått seg konkurs. No er det Sekkingstad sjølv som skal stå for drifta noko fleire i fagbevegelsen har meint at Sekkingstad skulle ha gjort frå dag ein. Ved å spekulere i innleie og ved å nytte kompliserte selskapsstrukturar og konsulentar, har Sekkingstad lukkast med å omgå ei kvar form for rettferdig behandling av arbeidsfolk som har skapt enorme gevinstar for selskapet. Sekkingstad AS har brukt metodar som ikkje kan takast for god fisk.
Den 25. februar kunne vi lese på nettstaden iLaks.no at «... slakteriet drives vidare med Sekkingstad-gruppa som hovedeiar. I tillegg jobbas det med fleire eiare i form av privatpersoner eller selskapa, som er tilknytt bransjen.» Vidare kan vi lese at: «– Slakteriet har vært drevet av eksterne eiare sida 2012, og i de fleste årene har det fungert, men de har vært konfliktfylt sida 2017. Det har vært konfliktfylte år for de som jobbar der, og dårlige år for slakteriet generelt. Det er disse eksterne faktorane, som gjør at vi nå tar dette heim. Det viktigaste framover er at man skal få lov å bruke tid på det man er god på, nemlig slakting og foredling av fisk, og ikkje mesteparten av tida på konfliktar, forklarer Hopland.»
Det er med vemod Vestland fylkesting kan konstatere at alt dette hadde vore unngått, om dei fagorganiserte, polske arbeidarane i Norse Production, sin rett til å organisere seg, hadde vore respektert i 2017.
Vestland fylkesting aksepterer ikkje fagforeiningsknusing og krev at Sekkingstad AS må respektera og akseptera lovfesta krav om tariffavtale. Dei 45 arbeidarane som på ny er snytt for rettmessig kompensasjon, som følgje av konkurs i nærståande selskap, har ofra og mista mykje for å krevje sin rett. Vestland fylkesting akseptera ikkje at Sekkingstad AS held frem med å spekulere i kompliserte selskapsstrukturar for å kutte utgifter på rekning av arbeidsfolk sine løns- og arbeidsvilkår. Alle som arbeidar i Vestland, skal uavhengig av nasjonalitet vera trygge for å ikkje missa jobben sin om dei ønskjer å organisera seg i fagforeiningar for å sikre akseptable løns- og arbeidstilhøve.
Jeanette Syversen, Gruppeleiar for Raudt vestland